Hopp til innhold

Tok bittert oppgjer med Sp etter Fjord1-sal

Fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes (Ap) hadde store problem med å takle at heile Sp-gruppa gjekk inn for sal.

Vedtak i fylkestinget

KNAPP MARGIN: Med 16 mot 15 stemmer vedtok fylkestinget å selje

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Arbeidarpartiet tok eit bittert oppgjer med samarbeidspartnar Senterpartiet i samband med at fylkestinget i går kveld vedtok å selje Fjord1 til Torghatten til ein kjøpesum på 1,2 milliardar kroner.

– Senterpartiet ser ut av eit vindauge med skoddene for, og dessverre er også skoddene lydisolerte. Det er eit stort ansvar med knappast mogleg fleirtal. Eg ser eit splitta fylkesting og eg ser eit utfordrande år for fylkesordføraren, sa Kjelsnes i sitt innlegg.

– Forundrande at Sp er hærføraren

158 etter at Fylkesbaatane vart grunnlagt vedtok fylkestinget i går kveld med knappast mogleg margin å selje den 59 prosent store eigarposten sin i Fjord1. I første omgang vil fylkeskommunen få utbetalt 690 millionar kroner.

Når heile salet er over, vil om lag 1,2 milliardar kroner kunne innkasserast. Åshild Kjelsnes og Arbeidarpartiet kjempa hardt imot sal. Då det viste seg at ho hadde tapt kampen, kom angrepet på samarbeidspartnaren.

Åshild Kjelsnes valdebatt 2015

KRASS: Fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes hadde mykje på hjartet etter Fjord1-salet.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det forundrar meg at Senterpartiet av alle parti, partiet som støtt og stadig står på barrikadane for distrikta, no er hærføraren for å tappe ein næringslivsaktør frå distriktet vårt. Dei er med på å sentralisere ferjemarknaden i Norge og det gjer ein med opne auge, heldt ho fram i innlegget.

Krev respekt for andre meiningar

Aleksander Øren Heen frå Senterpartiet likte ikkje det han høyrde.

– Eg meiner Arbeidarpartiet må respektere at det er andre som meiner noko anna, og ikkje harselere med andre fylkestingsrepresentantar og andre parti sitt syn slik Kjelsnes gjorde i sitt innlegg, seier Øren Heen.

Fylkesordføraren frå Senterpartiet meiner dei har teke omsyn til distrikta i vedtaket.

– Den løysinga vi har vald med Torghatten er eit selskap som vil ha ein desentralisert struktur på sin aktivitet. Dei er inne i Firda Billag, og Widerøe som vi driv saman, og dei har i sin aksjonæravtale sikra både hovudkontor og kontorfunksjonar i Florø, seier Jenny Følling.

Politikarar ved eit bord

USAMDE: Politikarar frå Arbeidarpartiet, Venstre og Miljøpartiet håpte i det lengste å unngå sal.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

«Hovudkontoret? Ærleg talt»

Ho er nøgd med å ha landa ein prosess som har gått over fjorten månader. Men tidlegare fylkesordførar og no fylkesvaraordførar Kjelsnes har på si side ikkje tru på at hovudkontoret i Fjord1 blir verande i Florø.

– Hovudkontoret? Ærleg talt. Det blir eit avdelingskontor for eit regionalt selskap. Kall det kva ein vil. Sjølvsagt vil Torghatten ønskje å kontrollere Fjord1. Det må jo vere draumescenario for dei og sjølvsagt vil dei ta den juvelen under sine vengjer. Det er heilt naturleg. Eg er sikker på at champagnekorkane går i taket i Torghatten i kveld.