Hopp til innhold

Like før klokka 16 small det fleire stader

I løpet av få minutt small det fleire stader i Nordfjord tysdag ettermiddag. I Eid skjedde hamna bilar i grøfta både ved Haugen og Stårheim.

Trafikkulukke ved Haugen i Eid.

SMELL PÅ SMELL: Denne bilen køyrde av vegen ved Eid.

Foto: Øystein Torheim

Det skal vere to einslege køyrety som er involvert i ulukkene som vart meldt like før klokka 16.

– Det skal vere ei ulukke på Haugen og ei ulukke på Stårheim, opplyser operasjonsleiar Einar Vereide ved Sogn og Fjordane Politidistrikt.

Bil som køyrde av vegen ved Stårheim.

GLATT: Bilen som køyrde av vegen ved Stårheim var henta då NRK sin fotograf kom fram.

Foto: Øystein Torheim

– Men vi har førebels ikkje fått melding om alvorlege personskader, seier Vereide.

I 17-tida opplyser politiet at dei to bilførarane har kome uskadd frå uhella.

– Ta det med ro!

Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal opplyser at det to gonger har vore salta mellom Måløy og Eid, men at det likevel er vanskelege køyreforhold.

Trafikkulukke ved Haugen i Eid.

SMELL: Føraren kom seg ut av bilen for eiga maskin etter uhellet ved Svora i Eid.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

NRK sin fotograf på staden opplyser at det er snøslaps og nullføre i området.

– Det har kome litt snø, så det kan vere sleipt enkelte stader. Oppmodinga er klar; folk må køyre varsamt og ta det med ro, seier Molvær og legg til:

– Vi har fått melding om at det har frose på mellom Davik og Rugsund på sørsida av Nordfjord, seier han.

I grøfta på Strynefjellet

Snøfallet tysdag har skapt ein del utfordringar på vegane. Politiet har også opplysningar om ein trailer som skal stå på «halv åtte» på veg opp Strynefjellet.

Hos operasjonssentralen opplyser Vereide at politiet har vore på staden og vil følgje denne saka opp når vogntoget er berga til Stryn.

– Traileren har ikkje hatt kjettingar på og køyrde i grøfta på veg nedover fjellet. Det skal ikkje stå til hinder for trafikken og bilbergar er på veg, men vi kjem til å syte for at han har det som trengs før han får køyre vidare, seier operasjonsleiaren.

Stod fast i Jølster

Politiet fekk like før klokka 16 melding om eit utanlandsk vogntog som stod fast på riksveg 5, kring 300 meter over Lundebotn i Kjøsnesfjorden i Jølster.

Sidan har ikkje politiet fått fleire meldingar om vogntoget.

Det skal også ha vore trafikkuhell på Møre-sida i Stigedalen.