Politiet fekk melding om hendinga klokka 15:45. To til tre personar skal vere involvert. Skadeomfanget uklart opplyser politiet.
Ein innringar som har passert staden fortel at den eine bilen har fått store skadar, Han såg ein person som sat i vegkanten og fekk hjelp av andre.
Han fortel at han møtte fem politibilar, tre ambulansar og ein brannbil som var på veg til staden.
Han opplyser og at det har samla seg lange køar på Førdesida av der ulukka har skjedd.
Politiet opplyser at den eine bilen har køyrt inn i den andre bakfrå.
Klokka 17:43 opplyser politiet at to personar er sende til sjukehus i Førde med lettare skadar. Bilberging er i gang, og vegen blir opna når staden er rydda.
– Det vi veit er at begge bilane har kome ut av Naustdalstunnelen og den eine bilen har køyrt i den andre bakfrå. Vi har berre fått tatt korte forklaringar, og ei kort åstadsundersøking, men så langt tyder det på at ingen er å klandre for det som har skjedd, seier fungerande innsatsleiar Torstein Fjellanger.
Klokka 16:52 melder Statens vegvesen at vegen er opna for trafikk igjen.