Hopp til innhold

To slått ned i Florø

Ein gut under 18 og ein mann i slutten av tenåra vart i 01-tida slått ned av fleire ukjende menn i Florø i natt. Ein vart teken hand om av foreldra, medan den andre fekk hjelp av helsepersonell på staden. Politiet veit førebels ikkje om det er dei same gjerningsmenna som står bak hendingane.