Hopp til innhold

Vil stenge to skular frå 1. april – foreldre trugar med flytting

To skular kan gå med i dragsuget når politikarane i Balestrand skal freiste å få budsjettet til å gå i hop. Ryk skulane, trugar foreldra å ta med seg borna til nabokommunane.

Nesse skule

BLIR STENGD? Nesse oppvekstsenter på Nessane mellom Balestrand og Høyanger kan bli ståande att med berre barnehagetilbod.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Ida Linde

SET HARDT MOT HARDT: – Mange foreldre vurderer å flytte borna til Høyanger viss skulen blir lagt ned, seier FAU-leiar Ida Linde ved Nesse Oppvekstsenter.

Foto: Privat

– Det er veldig skuffande. Vi skjønnar at det er tronge kår og at dei må spare mykje pengar, men å spare på skulane trur eg er feil. Det er framtida. Det er viktig at ungane får gå på skule nær der dei bur. Resultatet vil nok bli at mange flyttar, og at kommunen misser innbyggjarar, seier Ida Linde.

Ho er leiar i foreldrearbeidsutvalet (FAU) ved Nesse oppvekstsenter kraftig på at skulen på Nessane mellom Høyanger og Balestrand igjen er nedleggingstruga.

Manglar 6,5 millionar

Balestrand-rådmann Kjellaug Brekkhus er nær 6,5 millionar i manko på neste års budsjett. For å spare pengar vil rådmannen stenge skulane på Nessane og i Sværefjorden allereie i april, og flytte elevane inn til Balestrand sentrum.

1,7 millionar kroner kan sparast ved å flytte dagens 10 elevar frå Nesse oppvekstsenter og dei tre elevane som i dag går ved Fjordtun oppvekstsenter i Sværefjorden inn til sentrumsskulen Sagatun. På Sagatun er dessutan elevtalet fallande, og rådmannen ser føre seg å spare ytterlegare 600.000 kroner der.

Oppvekstsentera på Nessane og i Sværefjorden vil i så fall føye seg inn i ei dyster rekke. Tal frå LUFS, Landslaget for nærmiljøskolen, viser at 1200 skular i Norge er lagt ned sidan 1986.

Ser mot Høyanger

Men foreldra på grendeskulane vil ikkje gi seg utan kamp seier Linde.

Høyanger skule

FRISTAR MEIR? Blir skulane på Nessane og i Sværefjorden lagt ned kan elevar hamne i Høyanger (biletet) eller Leikanger, i staden for i Balestrand.

Foto: Arild Nybø / NRK

– Mange foreldre snakkar om å ta med seg ungane til Høyanger og la dei gå på skule der. Det er kortare for mange, det er betre veg og mange av foreldra jobbar der.

I så fall, meiner FAU-leiaren, vil det ikkje vere mange kronene spart på å stengje grendeskulane.

– Det vil ikkje bli mykje sparing. Og viss det er slik at vi må melde adresseendring ut av kommunen, så sparer dei ikkje på det heller. Då misser dei både skatteinntekter og rammetilskot, påpeikar foreldrerepresentanten.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Fjordtun skule i Sværefjorden

BLIR STENGD? Fjordtun oppvekstsenter i Sværefjorden.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Ser mot Leikanger

Utflytting av elevar kan også bli konsekvensen i grendene aust for Balestrand sentrum, dersom Fjordtun oppvekstsenter blir avvikla.

– Eg synest det er forferdeleg trist. Det er ikkje mange kronene dei sparar på det, og det blir lang veg å reise for små ungar. Det lengste er vel 75 minutt. Eg trur foreldre vil flytte borna til Leikanger i staden for Balestrand. Det er mange som pendlar dit, seier Lillian Sjøthun.

Ho er mor til ei jente på fire år, og fryktar dottera ikkje vil oppleve å få gå på skulen som broren gjekk på i sju år.

– Det vil ha alt å seie. Skulen er eit samlingspunkt. Det er der vi møtest. Politikarane må tenke seg om. Det kan bli utflytting, åtvarar Sjøthun.

Mangeårig skulekamp

Lenger ute i fjorden, på Nessane gjekk bygdefolket i fakkeltog for skulen sin i 2012. Også den gongen var forslaget å sende elvane til Sagatun i Balestrand. Det var også forslaget i 2010.

– Det er veldig belastande for lokalsamfunnet, seier Ida Linde, og held fram:

– Både i 2012 og no, har vi nettopp fått ein ny familie til bygda. Sist gong var det ein familie på tre, som no er fire. Dei flytta hit nettopp på grunn av skulen. Og vi ser igjen at vi nett har fått ein familie på fire med små born. Ei av årsakene er nærleiken til skule og barnehage. Då er det veldig skuffande og fortvilande at det skal ligge over oss som ei bør heile tida.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Sagatun skule

VIL FLYTTE ELEVANE HIT: Elevtalet ved Sagatun skule i Balestrand sentrum har gått ned. Rådmannen vil busse også dei minste elevane frå utkantane hit, slik ungdomsskuleelevane blir i dag.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Ordføraren: – Tidleg i prosessen

Ordførar Harald Offerdal (Ap) strekar under at det enno er tidleg i den politiske prosessen.

– Eg har full forståing for at foreldre reagerer. Det har vore tverrpolitisk semje om å oppretthalde skulane. Kva vi gjer no, i høve til den økonomiske situasjonen, må vi ta ein politisk diskusjon på. Den har vi så vidt starta.

– Men det ligg føre eit forslag om å flytte elevane til Sagatun skule?

– Det er eitt av forslaga, ja.

Snakkar ein i så fall om nedlegging, eller ei mellombels stenging?

Harald N. Offerdal

MANGLAR 6,5 MILLIONAR: Ordførar Harald N. Offerdal (Ap) og politikarane i Balestrand må spare pengar. Då kan skular ryke.

Foto: Stig Indrebø / NRK

– Vi har ikkje rukke å drøfte dette politisk, vi har så vidt starta diskusjonen, men det rådmannen føreslår, er ei mellombels flytting.

Ordføraren vil ikkje spekulere i kva det eventuelt vil koste kommunen dersom foreldre vel å søkje elvane flytta over til andre kommunar.

– Eg vil ikkje forskotere den politiske handsaminga. Det får vi ta etter kvart, viss det blir aktuelt.

Ifølgje Offerdal eksisterer det eit politisk vedtak frå 2010. Der heiter det at viss elevtalet kjem ned i sju elevar, eller økonomien tilseier det, så kan ein på nytt vurdere framtida til grendeskulane i Balestrand.

Freistar å påverke

Først 4. desember skal kommunestyret i Balestrand gjere endeleg budsjettvedtak. Foreldra ved dei to grendeskulane vil gjere det dei kan for å påverke. Alt førstkommande fredag inviterer bygdefolket politikarane til folkemøte i Vetlefjorden Grendahus.

– Vi vil sjølvsagt snakke med politikarane, og vi vil sende inn uttaler. Så får vi sjå kva andre tiltak vi må setje i verk for å få dei til å skjønne alvoret i saka, seier Linde på Nessane.

– Du er sjølv lærar ved Høyanger skule. Mange vil seie at ein 1-7-skule med berre 10 elevar er på grensa til å vere for liten. Er det framleis eit godt læringsmiljø?

– Ein kan alltids diskutere kor mange elevar som trengst for å ha eit godt læringsmiljø, men eg meiner at dei absolutt har tilrettelagt opplæring slik lova krev. Dei har tett oppfølging av vaksne. Kan hende skoftar det litt på det sosiale nokre gonger, men då stiller det større krav til oss foreldre. At vi tek dei med på fritidsaktivitetar utanfor bygda på fritida, seier FAU-leiaren.