Hopp til innhold

Stort framsteg for hoppsporten - to plastbakkar opna

Onsdag vart to plastbakkar offisielt opna i Bjørkelibakkane på Vangen i Stryn kommune.

Opning av plastbakkar

VERDT FLAGGING: Skipresident Erik Røste saman med lokale hopparar i Bjørkelibakkane.

Foto: Sogn og Fjordane Skikrins

Og det var ikkje kven som helst som stod for opninga. Skipresident Erik Røste og sportssjef Clas Brede Bråthen vinka utfor kvar sin hoppar i dei to bakkane, den eine med kritisk punkt på 15 meter, den andre på 40 meter.

Grunnen til så storfint besøk er at Norges Skiforbund avviklar tinget sitt i Loen komande helg.

Bråthen meiner plastbakkane vil legge eit godt grunnlag for utvikling av hoppmiljøet i Nordfjord.

– Det har blitt eit fantastisk anlegg for heilårsbruk. Eg trur hoppmiljøet i området kjem til å blomstre opp som følgje av dette. Det ligg til rette for vidareutvikling av det flottaste hoppanlegget mellom Oslo og Trondheim.

Clas Brede Bråthen (i midten)

- FANTASTISK ANLEGG: Sportssjef Clas Brede Bråthen (i midten) seier anlegget på Vangen er det finaste mellom Oslo og Bergen. Til v. Yngve Thorsen i skikrinsen, til høgre Per Elias Kalfoss i skiforbundet.

Foto: Sogn og Fjordane Skikrins

– Fleire topphopparar

Han ser ikkje bort frå at ein no kan få fram fleire hopparar av same kaliber som Anders Fannemel.

– Dei har fått fram mange gode skihopparar i området trass i anleggssituasjonen. Når denne situasjonen no betrar seg kraftig er det lett å rekne seg til at vi kan få endå fleire topphopparar. Men det viktigaste er at vi har fått eit anlegg for skileik og skiglede.

Oddvin Myklebust

- STOR DAG: Leiar Oddvin Myklebust i Veten IL.

Foto: Sogn og Fjordane Skikrins

– No er agnet lagt

Anders Fannemel tok sine første svev i Bjørkelibakkane som 11-12-åring. Leiar Oddvin Myklebust i Veten IL håpar at dei med to plastbakkar kan få mange til å prøve seg på hoppsporten tidlegare enn det.

– No er agnet lagt ut. Eit plastbakkeanlegg er lettare tilgjengeleg for leik og moro med skihopping enn eit vinteranlegg. For til no har vi vore heilt avhengige av at bakkane har vore preparerte, og det blir dei berre til treningar og renn.

– Med eit plastbakkeanlegg er det så og seie berre å slå på kranane, så kan ein hoppe kva tid ein vil på døgeret, det inviterer mykje meir til skileik.

– Dette er kjekt

No trur han at hoppmiljøet i Nordfjord kan rekruttere fleire utøvarar både lokalt, regionalt og nasjonalt.

– Vi i Veten IL har bygt ut anlegget og har i dag overrekt det til hoppsporten. No håpar vi dei vil vere flinke til å bruke det og styre aktivitet dit. Vi såg i dag at dette er kjekt.

Anders Fannemel

DET STARTA PÅ VANGEN: Anders Fannemel fekk smaken på skihopping i Bjørkelibakkane.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Hoppbakkane på Vangen har æra for at Anders Fannemel tok til med skihopping og fekk vidareutvikla interessa, seier Myklebust.

– På den tid var det eit godt miljø med aktive foreldre i Veten Il og Hornindal IL, og bakkane er gode, slik at dei fekk like gode tilhøve som elles i landet.

Og no ligg det til rette for skihopping året rundt i bakkane på Vangen.

Hoppanlegget i Bjørkelibakkane

FLOTT HOPPANLEGG: Slik ser anlegget ut med dei to plastbakkane på kvar side av vinterbakkane.

Foto: Sogn og Fjordane Skikrins