Hopp til innhold

To personar pågripne etter valdsepisode

Ein mann (43) og ei kvinne (42) får behandling ved Førde sentralsjukehus etter ein valdsepisode i Florø. Gjerningspersonane, ein mann og ei kvinne i 30-åra, er pågripne.

husbråk florø havreneset

UTRYKKING: Politi og ambulanse rykte ut til ein privat bustad i Havreneset i Florø der det var meldt om bråk. Biletet er teke ein annan stad enn ved det gjeldande huset.

Foto: Eivind Hauge

Politiet fekk frå klokka 11.06 inn fleire meldingar som eskalerte i alvorsgrad. Først gjekk meldingane på at det var slagsmål og naboar ringte inn om bråk. Etter kvart fekk politiet også meldingar om blodsøl, ifølgje operasjonsleiar Kjetil Avsnes.

AMK ved Førde sentralsjukehus opplyser i 16.30-tida at ein 43 år gamal mann er lettare skadd og får poliklinisk behandling. Tilstanden er alvorleg, men stabil, for ei 42 år gamal kvinne som no får intensivbehandling.

Gjekk til angrep

Gjerningspersonane, ein mann og ei kvinne i 30-åra, var reist frå staden då politiet kom fram. Desse vart pågripne på ein annan bustad klokka 1510.

– Dei to fornærma var i leilegheita som vart oppsøkt av to personar som kom dit. Før politiet kom til staden fekk vi melding frå fornærma at dei to hadde forlate staden, seier Avsnes til NRK.

Gjekk dei til angrep på dei to fornærma?

– Ja, det er heilt tydeleg. Det vart jo først meldt om husbråk og slagsmål og skriking. Ifølgje fornærma skal det også ha blitt brukt slagreiskap, seier operasjonsleiaren.

Held fram søket

Begge dei to fornærma skal ha vore bevisste og oppegåande, men utover det er skadeomfanget ukjend.

Politiet kan førebels ikkje svare på kvifor dei to antekne gjerningspersonane gjekk til angrep på dei fornærma. Begge er køyrde til Flora politistasjon for avhøyr.

Ein politpatrulje frå Førde vart sendt til Florø, og ambulanse var også raskt på staden.