Hopp til innhold

To personar hardt skadde i alvorleg ulukke

Ein mann i 50-åra og ein mann i 80-åra vart sende til sjukehus med luftambulanse etter ein kollisjon på E39, to kilometer vest for Kjøs bru i Nordfjord.

Ulukke Holmøyane

TO MENN TIL SJUKEHUS: Her lettar luftambulansen frå ulukkesstaden. Begge dei involverte vart flydd til sjukehus, ein til Bergen og ein til Ålesund.

Foto: Silje Guddal / NRK

Politiet sende ut melding på Twitter om ulukka klokka 13.45, og skriv der at det hadde vore ein kollisjon mellom to køyretøy ved Holmøyane. Det var ein person i kvar bil.

Begge bilførarane er sende til sjukehus med luftambulanse. Ein mann i 50-åra er send til Haukeland universitetssjukehus, og mannen i 80-åra er send til Ålesund sjukehus.

Politiet opplyste først at mannen som blei frakta til Haukeland var kritisk skadd, men Helse Bergen melder seinare at mannen er alvorleg skadd. Ifølgje Helse Møre og Romsdal er tilstanden til mannen i 80-åra alvorleg, men stabil.

Skadeomfanget på den andre bilføraren er førebels ukjend, men politiet har tidlegare fortalt at begge vart hardt skadd.

Ukjend årsak

Politiet vil førebels ikkje spekulere på årsaka til den alvorlege ulukka.

Store ressursar frå politi og redningsetatane rykte ut til ulukkesstaden.

– Vi har patrulje på staden som jobbar med å finne ut kva som har skjedd. Vi skal også etter kvart snakke med vitna som varsla AMK, men det viktigaste no er å krysse fingrane og håpe at det går bra med dei involverte, sa operasjonsleiar Bengt Næss til NRK rundt klokka 16.00.

Stengt i nærare tre timar

Politiet opplyste på Twitter klokka 14.55 at vegen ville bli stengd i om lag ein time framover i samband med åstadsundersøking.

Difor vart trafikken lenge omdirigert via ein lokal omkøyringsveg. Bilistar som kom til, og lokale folk, var raskt ute med å få stoppa og dirigert trafikken i området etter ulukka, opplyser vår reporter på staden.

Klokka 17.10 vart E39 opna igjen. Politiet har gjort ferdig sine undersøkingar på staden.

– Det er for tidleg å seie noko om årsaka, seier operasjonsleiar Næss.

Ulukke Holmøyane

STOR UTRYKKING: To ambulansehelikopter, ambulansar, brann og politi kom raskt til ulukkesstaden.

Foto: Silje Guddal / NRK