Hopp til innhold

Fire personar lettare skadde i brannen i Svelgen

Brannmannskap driv no ettersløkking i Kringomvegen i Svelgen. Fire personar, mellom desse born på tre og fem år, vart lettare skadde i brannen fredag kveld.

Tre leiligheiter brann ned til grunnen og ei fjerde leiligheit fekk store skader i brannen i Svelgen.

SJÅ VIDEO: Det er laurdag morgon framleis stor varme og kraftig røyk frå brannruinane.

Tre leilegheiter brann ned til grunnen, medan brannmannskap klarte å berge ei fjerde frå å bli slukt av flammane.

Ei kvinne (27) og ein mann (30), samt ein gut på fem år og ei jente på tre år, vart sendt til sjukehus grunna røykskadar.

Mangla vatn

Brannen i Svelgen

VART SLØKT: Iherdig innsats hindra at også denne leiligheita brann ned til grunnen.

Foto: TRULS KLEIVEN

Det er førebels for tidleg å seie kva som starta brannen like over klokka 21. Mangel på vatn gjorde sløkkearbeidet utfordrande. Samstundes som brannmannskap kjempa mot flammane, jobba huseigarar og naboar iherdig med å kjøle ned husveggane slik at brannen ikkje spreidde seg endå meir.

Mannskap frå brannstasjonen i Eikefjord og Svelgen, samt frå sivilforsvaret i Florø vart kalla ut for å hjelpe til med å pumpe vatn opp frå sjøen. I 0230-tida i natt var brannen under kontroll.

Branntomta i Svelgen

VARME: Hadde det ikkje vore vindstille, kunne brannen blitt endå meir dramatisk.

Foto: TRULS KLEIVEN

Mannskap driv laurdag morgon framleis på med ettersløkking på staden.

– Det vil dei jobbe med utover morgonen. Det gjekk med ein del leilegheiter i brannen, så det er ein god del varme som må passast på, kjølast og ettersløkkast, seier Nina Andal ved Alarmsentralen i Florø.

Kunne blitt storbrann

I alt 11 personar vart evakuerte under brannen. To flytta mellombels inn på eit hotell, medan andre fekk tak over hovudet hos kjende.

Kommunen oppretta eit senter på Rådhuset i Svelgen for dei evakuerte. Her var også kriseteamet i Bremanger til stades.

Brannruinane etter brannen i Svelgen

TOTALSKADDE: Ei av dei tre leiligheitane som fredag kveld brann ned til grunnen i Svelgen.

Foto: TRULS KLEIVEN

Andal ved alarmsentralen seier brannen kunne blitt langt større om det ikkje var vindstille. Det er både rekkjehus og einskilde hus like i nærleiken.

– Dei var heldige med at det var vindstille. Hadde det vore vind, så ville det blitt mykje verre og det kunne faktisk utarta seg til ein skikkeleg storbrann i området. Det er ei rekke med 11 leilegheiter, og det er hus ovanfor, seier ho.