Hopp til innhold

To bilar kolliderte på E16

Ingen vart fysisk skadde då to bilar kolliderte på E16 nokon kilometer ovanfor Håbakken i Lærdal i føremiddag.

Kolliderte på E16

MÅTTE BERGAST: Bilbergar måtte trå til for å ta hand om dei to involverte bilane.

Foto: NRK-tipsar

– Det var tre personar involvert i ulykka, men så vidt vi veit, vart ingen fysisk skadde, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Inge Værøy.

Ulykka vart meldt klokka 9.30.

– Det vart sendt ut ein ambulanse for å gi personane ein helsesjekk, seier Værøy.

Vegen vart ikkje stengd på staden, men eitt køyrefelt var stengt medan ein venta på bergingsbil.

– Vi veit førebels ikkje årsak til ulykka. Det er heller ikkje råd å seie om det er spesielt glatt på staden, seier Værøy.