Hopp til innhold

TINE sel alle aksjane sine i omstridd gruveselskapet

TINE si pensjonskasse sel no alle aksjane sine i gruveselskapet Nordic Mining av miljøomsyn. Leiinga frykta for meieriselskapet sitt omdøme.

NRK har tidlegare omtala at TINE har vore i ferd med å selje seg ned i selskapet som planlegg den omfattande gruvedrifta og sjødeponiet i Førdefjorden. No kvittar dei seg med alle aksjane sine.

– Vi har redusert vår behaldning sidan nyttår fordi vi er usikre på dei framtidige konsekvensane for miljøet og difor vel vi å trekkje oss ut, seier direktør for kommunikasjon og samfunnsansvar i TINE, Lars Galtung i ei pressemelding.

Til NRK seier han at TINE sitt omdøme har vore ein del av vurderinga rundt at selskapet no har seld alle aksjane sine.

– Verksemda til selskapet er vi usikre på i forhold til verknaden på natur og miljø, difor vel vi å trekkje oss ut. Det er jo som ein del av ein plan heilt sidan nyttår, og før vi fekk auka merksemd. Ein vel seie at det sikkert har bidrege i prosessen med å selje oss ut, seier Galtung.

Motstandarane av sjødeponi i Førdefjorden, med Natur og Ungdom i spissen, har kravd at Tine skulle selje aksjane sine i Nordic Mining.

– Tine har teke ei fantastisk god og ansvarsfull avgjerd ved å trekkje seg heilt ut av Nordic Mining, seier leiar i Natur og Ungdom, Arnstein Vestre.