Hopp til innhold

Tiltalt for ny mannevaldtekt

Sunnfjordingen i 50-åra lova å køyre den unge festdeltakaren heim. No må han møte i retten tiltalt for sovevaldtekt.

Det er andre gong at mannen er tiltalt for valdtekt av ein sovande ung mann. I 2006 vart han dømd til ni månader fengsel for sovevaldtekt mot ein mann i 20-åra.

– Det er same type forhold som i denne saka. Det medfører betydeleg straffeskjerping i høve til saka som skal opp no, seier statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim.

Fann pornografiske bilete av born

Det var i februar i fjor at ein mann i 20-åra tok kontakt med sunnfjordingen med tanke på å kome seg heim frå fest. I staden gjekk turen til tiltalte sin bustad, der sunnfjordingen overnatta. Statsadvokaten ynskjer ikkje å kommentere omstenda før og kring overgrepet, men tiltalen byggjer på at den fornærma ”sov og/eller var så rusa at han ikkje oppdaga overgrepa” før det hadde gått ei stund.

Overgrepet vart meldt om morgonen. Då politiet aksjonerte same dag fann dei også nær 40 pornografiske bilete av born som mannen må svare for i retten. Mest alvorleg er tiltalen etter valdtektsparagrafen.

– Alle slike tiltalar er svært alvorlege. Det er ein fornærma i dette som er utsett for overgrep, så det er ikkje tvil om at det er eit alvorleg overgrep, seier Thorn Nordheim.

– Uvanleg sak

Mannen er tiltalt både for brot på valdtektsparagrafen, straffelova paragraf 192, og straffelova paragraf 204 for dei pornografiske bileta.

Statsadvokaten vil ikkje seie kva påstand ho vil gå for i retten. Ho vil heller ikkje gå inn på bevisa. Straffa for valdtekt i Norge er fengsel i inntil tre år, men inntil 21 år dersom den tiltalte tidlegare er straffa for valdtekt. Så streng straff vil mannen lite truleg få.

Thorn Nordheim seier saka er uvanleg.

– Det er ikkje ofte vi ser slike saker. Vi ser nok oftare valdtekter mot motsette kjønn, seier statsadvokaten.

Våga ikkje gjere motstand

At riksadvokaten har gjeve ordre om tiltalen for overgrep understrekar alvoret i saka. I 2006 vart mannen dømd for eit kring to år gamalt overgrep. Også den gong lova sunnfjordingen i 50-åra å vere berginga for ein tenåring som ikkje kom seg heim frå fest. Og også den gongen tilbaud den nær 30 år eldre mannen overnattingsplass til fornærma.

Den unge guten fortalde i retten at han var redd og ute av stand til å sette seg imot då han vakna av handlingane til tiltalte.

Sjølv hevda sunnfjordingen at den seksuelle omgangen var frivillig.

Nektar for straffskuld

Den kommande saka i Fjordane tingrett vil truleg gå for lukka dører. Bistandsadvokaten til fornærma ynskjer ikkje å kommentere saka. I tiltalen blir det varsla påstand om erstatning til fornærma.

Forsvararen til mannen, Synne Catrin Øren, seier hennar klient avviser tiltalen.

– Min klient erkjenner ikkje straffskuld i høve til tiltalen. Vi har ikkje kommentarar utover det, seier ho.

Det er sett av to dagar til saka når den kjem opp 17. april.