Retten neste steg i underslagssak i Fagforbundet Sogn og Fjordane

To personar har erkjent å unndrege til saman 160.000 kroner frå Fagforbundet Sogn og Fjordane.

Jørn Lasse Refsnes

FERDIGE: Jørn Lasse Førde Refsnes vil om kort tid sende underslagssaka til tingretten for endeleg avgjerd.

Sakene vart meldt politiet i slutten av mars i år. No skal dei sendast over tingretten som tilståingsdom for brot på straffelovas paragraf 255 om underslag.

– Dei to mistenkte har lagt alle korta på bordet og i politiavhøyr forklart at dei var i ein vanskeleg situasjon privatøkonomisk og då fall for freistinga å misbruke tilgangen dei hadde til Fagforbundet sine kontoar, seier påtaleansvarleg jurist, Jørn Lasse Førde Refsnes til NRK.no.

160.000 kroner

Dei to har hatt verv i kvar sine fagforeiningar i fagforbundet. Det skal ikkje vere samanheng mellom

Den eine personen skal frå 2005 til 2007 ha unndrege 75.000 kroner. Underslaget vart oppdaga i januar. Den andre skal i perioden 2010 og ut i 2011 ha overført 85.000 kroner frå fagforeininga sin konto til sin eigen private konto. Det skal ikkje vere samanheng mellom sakene.

– Det er stort sett overføring frå ein konto til ein annan via nettbank, seier Førde Refsnes.

Rutinekontroll avdekka

Solveig Løvik Norevik

AVDEKKA: Fylkesleiar i Fagforbundet Sogn og Fjordane.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Fylkesleiar Solveig Løvik Norevik sa til NRK i mars at underslaga vart oppdaga under ein rutinekontroll.

Begge dei to trekte seg frivillig frå sine verv i forbundet. Løvik Norevik fortalde då at beløpa var betydelege for dei fagforeiningane det gjeld.

– Dette vart oppdaga ved vanleg rutinekontroll i samband med årsoppgjer, og rutinar vi har internt i fagforbundet. Det var ein del ting vi følte ikkje stemde, og sette oss meir grundig inn i dei aktuelle sakene, sa fylkesleiaren.

Retten avgjer

Med tilståingar til grunn i saka, har politiet hatt ei grei sak å klare opp. Førde Refsnes skal no vurdere kva påstand han vil leggje ned i saka, før den blir oversendt rettsapparatet for endeleg avgjerd.

Saka er grenseland mellom underslag og grovt underslag. Juristen seier det er for tidleg å seie noko kva straff han vil føreslå for tingretten.

– Ut frå storleiken på beløpet, og det vi kan seie om grovheita i saka, så vil eg tru ein kan reagere med fengsel, men også samfunnsstraff. I så fall vil det vere snakk om relativt korte fengselsstraffer, seier Førde Refsnes.

Vik fengsel markerte i dag at det er 150 år sidan dei opna dørene. Men bursdagsgåva fengselssjefen har mest lyst på, let framleis vente på seg.
Det enorme datasenteret i Lefdal gruve i Nordfjord BLIR no bygd. Dei første såkalla server-parkane skal stå klare til neste år. Det er venta at prosjektet vil gje over 100 nye arbeidsplassar.
Opera, lokalprodusert gourmetmat og naturopplevingar er stikkorda for den splitter nye operafestivalen på Åmot Operagard.