Hopp til innhold

Tilstår smugling – skulle betalt 120.000 i toll

Ein polsk mann har erkjent å ha smugla store mengder alkohol og tobakk til Norge. Saman med to andre sit han framleis varetektsfengsla, mens ein ferde er slept fri.

Smuglarvarer i Førde

ØL, SPRIT OG TOBAKK: Smuglargodset fotografert i garasjen på politistasjonen i Førde.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Ein av dei fire har erkjent å ha smugla alkohol og tobakksvarer til Norge, stadfester påtaleansvarleg i saka, Trine Erdal ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Det var laurdag 20. juni at politiet i Førde slo til mot ein varebil. I bilen fann dei 1000 liter øl, 100 liter sprit og 6000 sigarettar.

Fann meir i Førde-bustad

– Dei fire er sikta for grove brot på Tollova. Det dreier det seg om unndraging av avgifter tilsvarande 99.000 kroner, opplyser Erdal.

I tillegg til beslaget i bilen politiet meiner vart brukt til å frakte varene inn i landet, kom politiet over enno eit parti.

Smuglar-øl i Førde

UTANLANDSK ØL: Nokre av dei drygt 1000 litrane med øl frå beslaget.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– I samband med pågripinga blei det også kverrsett alkoholvarer på ei adresse i Førde. Desse varene har Tollvesenet vurdert til å representere ei avgiftsunndraging på om lag 20.000 kroner.

Til saman er det snakk om nær 120.000 kroner i manglande tollavgifter.

Etterforsking i sluttfasen

Ein person er så langt sett fri frå varetekt. Dei tre andre austeuropearane som vart arresterte i samband med beslaget sit framleis fengsla.

– Det er enno ikkje tatt stilling til om det skal takast ut tiltale. Det blir gjort innan kort tid, i løpet av varetektsperioden som går ut 20. juli. Slik eg ser det, er saka snart ferdig etterforska, seier Erdal.

Lensmann i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde, har tidlegare uttalt til NRK at smuglargodset etter alle solemerke skulle til Førde.