Hopp til innhold

Tilsette klipte ringesnora til pasient for å sleppe mas om natta

Ved fleire tilfelle skal ein eller fleire tilsette ved sjukeheimen Kulatoppen i Vågsøy ha klipt av alarmsnora til ein pasient om natta. Dei pårørande hadde mistanke om at dette skjedde og tok ein av dei tilsette på fersken.

Kulatoppen omsorgssenter i Deknepollen

UFORSVARLEG: Vågsøy kommune får kritikk av Fylkesmannen og Pasientombodet.

Foto: Silje Guddal / NRK

Dei tilsette opplevde at pasienten maste, og ein eller fleire tilsette har kopla frå alarmen til pasienten om natta og så kopla den på att om morgonen. Det vart forsøkt halde skjult for pasient og pårørande.

– Så vart det tilfeldigvis avslørt av pårørande som kom på kveldsbesøk, seier Pasientombod Lisa Førde Refsnes, som ser svært alvorleg saka.

Det var Firdaposten som først skreiv om saka.

Har ikkje opplevd liknande

Praksisen med å kople ut ringeklokka til pasienten har gått føre seg over tid, og Refsnes seier ho aldri har opplevd liknande.

Lisa Førde Refsnes

URO: Pasientombod Lisa Førde Refsnes.

Foto: ODDMUND HAUGEN / NRK

– Eg reagerer med uro. Vi snakkar om ei medviten handling der ein aktivt har kopla av ein alarm og forsøkt å halde det skjult. Eg har aldri vore borti ei liknande sak og spørsmålet er jo kva haldningar er det på denne sjukeheimen, seier Refsnes.

I årsrapporten for 2018 som pasient- og brukarombodet publiserte denne veka får Vågsøy kommune krass kritikk for fleire hendingar ved ein sjukeheim i kommunen.

Uforsvarleg

Etter å ha gjennomført tilsyn i saka har Fylkesmannen konkludert med at: «Personalet har løyst utfordringa med den hyppige bruken av ringeklokka med å ta frå pasienten høve til å tilkalle hjelp.

Fylkesmannen meiner det ikkje er forsvarleg verksemd å ta frå pasienten høve til å tilkalle hjelp. Verksemda sikra ikkje at pasienten alltid hadde naudsynt tilgang til varslingssystemet slik at vedkomande kunne få kontakt med personalet ved behov, skriv Fylkesmannen i sin rapport.»

Pasientombodet har følgt opp dei pårørande, som i etterkant av saka har opplevd at dei ikkje har fått informasjon.

– Det er veldig spesielt sidan pasienten har budd på sjukeheimen i ettertid av fylkesmannen sitt tilsyn, seier Refsnes.

Tar sjølvkritikk

I Vågsøy kommune vedgår kommunalsjef for helse og omsorg, Jeanette Jensen, at det som kjem fram i saka er kritikkverdig.

–Det viser at vi har forbetringspotensial og at vi må jobba med kvaliteten på tenestene våre. I samarbeid med både brukarane og pårørande.

Kommunen skal no jobbe kontinuerleg med å forbetre seg og har som mål at slikt ikkje skal kunne skje igjen.

– I forbetringsarbeidet har vi gått gjennom svara frå fylkesmannen, både på personalmøte og med sjukepleiarane. Vi vil ikkje at dette skal skje igjen, seier Jensen.