Tilrår samanslåing med NRK Hordalan

Leiinga i NRK tilrår at NRK Sogn og Fjordane skal slåast saman med NRK Hordaland. Det inneber at leiinga blir sittande i Bergen.

Samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane skal gje ei innsparing på 2,5 millionar kroner. NRK-leiinga seier vidare at det skal arbeidast for å opprette eit Nynorsk Kompetansesenter i Førde, men det er ikkje sagt noko konkret om stillingar og innhald.

NRK Finnmark, NRK Buskerud og NRK Vestfold vert også lagt ned som sjølvstendige distriktskontor. Styret skal ha saka føre seg 26. august.

Olden i Nordfjord er ein liten cruise-destinasjon, men tek imot store skip. 
To av verdas største cruiseskip ankra opp i morgontimane i dag, og tusenvis av turistar strøyma i land....
Tysdag 22. mai låg to av verdas største cruiseskip i Olden.
Skredet issolerte dei frå omverda.