Hopp til innhold

Drar du kjensel på denne karen? No er han tilbake der alt starta i barndommen

SOGNDAL (NRK): Eirik Bakke er tilbake der han i gutedagane spelte løkkefotball kvar ettermiddag. No skal den heimvende sonen ta moderklubben tilbake til eliteserien.

Eirik Bakke som liten gut

SOM GUTUNGE: Eirik Bakke fotografert som gutunge. Sjølvsagt i svart og kvitt. Og sjølvsagt i samband med fotball.

Foto: Jon Navarsete

– Eg er utruleg takksam for at eg får ta over Sogndal. Eg er vaksen opp her, og det er spesielt for meg å leie laget i kamp. Eg har ein stor del av hjarta mitt her, seier Eirik Bakke.

Han møter NRK til ein prat om sesongen på Røvhaugadn - den vesle opninga i skogen like over Sogndal sentrum, der han i gutedagane spelte time etter time med løkkefotball.

– Det er ein viktig del av fotballkarrieren min, og mykje av grunnen til at eg fekk oppleve det eg har gjort. Her var det «proff og loff» og andre typar fotball-leiker, mimrar Bakke.

Har berre gode minne frå løkka

Han ser rundt seg på den humpete og vårbrune løkka. Bana er framleis i bruk, men kanskje ikkje like mykje som i gamle dagar, no når kunstgraset har fått overtaket på ungane.

Bakke triksar opp ballen og fyrer den i nota.

– Det er viktig at ungane kjenner ein indre motivasjon til å bli god. Dei må synest det er moro å gå opp her og trene med kompisane sine. Eg har berre gode minne herifrå.

Han debuterte for moderklubben allereie hausten han fylte 16 år. Det var mot Fana. Og mykje vatn har runne i havet sidan den dagen for om lag 20 år sidan.

– Når eg ser tilbake, så har eg fått oppleve mykje. Og alt byrja her, seier Bakke.

Eirik Bakke viser gamle kunster på Røvhaugadn, løkka der han starta fotballkarrieren som gutunge.

TILBAKE: Det var her fotballeventyret starta for Eirik Bakke. Den vesle bana på Røvhaugadn i lia ovanfor Sogndal sentrum var staden for timesvis med leik med lærkula.

Har ein del å jobbe med i serien

No er Bakke på mange måtar ein heimvend son. Pappa Svein Bakke er ei legende i den svarte og kvite drakta. Og etter ei karriere med mellom anna EM-sluttspel med Norge, semifinale i Champions League med Leeds og seriegull med Brann, er det ikkje fritt for forventningar til den nye og offensive trenaren i Sogndal.

– Eg har opplevd mange høgdepunkt i karrieren. Men det er historie. No er det ei ny tid. Vi må sjå framover, seier Bakke.

Og framover - det er akkurat no sesongstart i 1. divisjon, der Sogndal enda etter ein nitrist haustsesong under Jonas Olsson i fjor. Aller helst vil den nye trenaren ta Sogndal opp att i det gode selskap i første forsøk.

– Vi har forventingar til oss sjølve også. Men det viktigaste er å prestere i kampar, og då kjem resultata. Det er eg heilt sikker på. Vi har i vinter vist at vi kan vere veldig gode, samstundes som vi også har hatt dårlege kampar, seier han.

Saknar ein samspelt førsteellevar

Sogndal har svinga frå det heilt briljante som i kampen mot Sandefjord til det heilt middelmådige i kampen mot Moss. Assistenttrenar Ian McParland valde å forlate skuta på verste tenkjelege tidspunkt berre nokre veker før seriestart.

Alt har ikkje gått på skinner. Men Bakke er optimist.

– Oppkøyringa har vore god. Det var litt turbulent då Ian reiste, men eg føler spelargruppa har takla det bra. Og vi har trent bra, seier han.

– Vi prøver å snu måten vi spelar på. Så må vi finne mellomting som gjer at vi byrjar å vinne kampar, og det er eg sikker på at vi skal gjere.

– Det har svinga veldig i treningskampane?

– Ja, og det er vanskeleg å seie korleis vi står. Eg har blitt tvinga til å rotere mykje på laget, og det har ikkje vore ideelt. Vi har ikkje fått spelt inn ein førsteellevar.

– Men det er positive ting med det også, for mange unge har fått sjansen, og då tar dei steget også, seier Bakke.

Ole Hjelmhaug (t.v.) og Eirik Bakke på gutelaget til Sogndal

GAMLEDAGAR: Eirik Bakke (t.h.) saman med lagkameraten Ole Hjelmhaug på Sogndal sitt gutelag.

Foto: Jon Navarsete

Trur spelarane gler seg til ny sesong

Hovudtrenaren trur det kan ta tid før Sogndal står fram på den måten han ønskjer. For han legg opp til ein litt ambisiøs og offensiv spelestil. Samstundes er målet å vinne kampar allereie frå seriestart.

Då må Sogndal komme i gang mot Bærum i første heimekamp andre påskedag.

– Sogndal skal vere topplag i denne divisjonen?

– Ja. Men alle lag byrjar med null poeng. Byrjar vi godt, kan vi vere med frå start. Elles blir det tøft. Det er mange gode lag. Men eg trur gutane gler seg til å komme i gang.

– Og eg trur det blir bra. Eg er optimist, seier Bakke.

Han plukkar opp ballen med eine foten, vippar den vidare med den andre og klinkar ballen i mål. Slik han gjorde det på løkka. Og slik han vil spelarane skal gjere det under det nye regimet på Fosshaugane.

Eirik Bakke orienterer på trening

LEIAR: - Det er spesielt for meg å skulle leie moderklubben ut i kamp, seier Eirik Bakke. Her er han på trening med laget, berre nokre dagar før seriestarten i årets 1. divisjon.

Foto: Rune Fossum / NRK