Hopp til innhold

Tilbake der han sat fengsla

Gjest Baardsen, rømde frå fangekjellaren i Balestrand for 200 år sidan. I går var han tilbake igjen, og denne gongen vart han ikkje arrestert.

Gjest Baardsen, rømde frå fangekjellaren i Balestrand for 200 år sidan. Onsdag var han tilbake igjen, og denne gongen vart han ikkje arrestert.

SJÅ VIDEO: Av dei to musikarane utanfor Askelund Futegard.

På Ciderhuset i Balestrand var det nemleg rocketeater i går. Ifølgje Arne Ness, Leiar i Gjest Baardsen-huset i Sogndal, er Gjest Baardsen den mest omtalte personen i Noreg dei siste 200 åra.

Rømde 57 gonger


Gjest Baardsen var ein forbrytar og forfattar frå Sogndalsfjøra i Sogndal. Han er mellom anna kjend for å ha rømd mange gonger frå fengselet, heile 57 gonger. Medan han sat i fangenskap skal han ha skrive sjølvbiografien «Gjest Baardsen Sogndalsfjærns Levnetsløb», der han beskriv seg sjølv som ein romantisk og rettferdig tjuv.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rocketeater

MATSERVERING: Dei to skodespelarane serverer mat til gjestane etter framsyninga.

Foto: Torbjørn Selseng/NRK


Turnarar fylket med rocketeateret


Med Gjest Baarden sin sjølvbiografi, og eigne tekstar sin utgangspunkt, har Rocketeateret laga ein minimusikal om meistertjuven.
Det er skodespelar og musikar Steinar Årdal som spelar Baardsen, og Bjørnar Selsbakk spelar medfangen Ingebrigt. Det er Årdal og Selsbakk som har laga musikalen.


– Musikalen passar for alle, born, vaksne og eldre. Særskilt for dei som er musikk- og historieinteresserte, fortel Årdal.

SJÅ KOR ROSKETEATER SKAL HER