Hopp til innhold

Til sjukehus etter traktorvelt

Ein eldre mann vart laurdag kveld køyrd til sjukehus i Førde etter at traktoren han køyrde kvelva i ei elv i Hyllestad. Politiet fekk melding om uhellet like før klokka 21, og har vore på staden. Det er ikkje mistanke om køyring i rusa tilstand.