Hopp til innhold

Kom uskadde frå smell på riksveg 15

To personar kom frå det utan skader etter at ein personbil køyrde av vegen på riksveg 15 ved Haus i Eid.

Trafikkuhell på riksveg 15 ved Haus i Eid

LETTARE SKADDE: Dei to personane i bilen skal etter det politiet veit ha blitt lettare skadde etter utforkøyringa.

Foto: Øystein Torheim/NRK

Politiet fekk melding om uhellet klokka 17.19 fredag ettermiddag. Politi og ambulanse vart sende til staden.

– Det er eit einsleg køyretøy som har køyrt av vegen. Det tyder på at dei to personane i bilen er lettare skadde, seier Olaug Holme som er operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.no klokka 17.45.

Klokka 18.33 melder politiet på Twitter at dei to i bilen er sende til legevakta på Eid for kontroll. Bilen skal ha kome vestfrå og har køyrt ut i ei høgrekurve.

Klokka 20.15 kan politiet opplyse at dei to personane i bilen kom frå utforkøyringa utan skader.

Riksveg 15 var i ein periode stengd på staden i samband med uhellet og berging av bilen.

Trafikkuhell Haus riksveg 15

SKADER I FRONTEN: Personbilen har fått større skader i fronten.

Foto: Øystein Torheim/NRK