Hopp til innhold

No skal potetene opp av jorda

Marknaden skrik etter poteter. No skal tidlegpotetene opp av jorda i Lærdal.

Per S. Hjermann jr.

OPP AV JORDA: No er desse potetene klare for butikkane. Potetbonde Per S. Hjermann i Lærdal.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Etter ein kald, lang vinter og sein vår med mykje frost i bakken, fekk ikkje potetbøndene sett poteter så tidleg som dei pleier. Men no startar bøndene i Lærdal med opptak av tidlegpoteter som skal ut på marknaden i veka som kjem.

– Denne sesongen er det planlagd å klare 1600 tonn med tidlegpoteter. Noko som er på linje med i fjor, seier Knut Elthun som administrerer opptaket.

Det er 20 potetbønder i Lærdal og dei første potetene som vert tekne opp er Solist, sidan kjem tre andre sortar. Berber, Ariel og Ruth.

– Det er like spanande kvart år, seier Elthun.

Han fortel at ein bør ha ein viss avling for i år skrik marknaden etter poteter.

(Artikkelen held fram under biletet)

Poteter Lærdal

SOLIST: Dei første potetene som vert tekne opp er dei kvite poteten Solist.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Vanskeleg vår

– Det er lite poteter i heile Europa. Våren her har vore vanskeleg. Det er berre på Jæren og Sørlandet ein har fått sett poteter til vanleg tid. Her i Lærdal er det sett mykje seinare enn vi burde, fortel Elthun.

I fjor fekk dei starta opptaket av tidlegpotetene den 20 juni.

– Vi hadde håpa å klart det i år rundt den 18.-19., men det gjekk ikkje. Potetene er nok sett ei veke seinare enn vanleg, fortel han.

Per S. Hjermann på garden Stødno er ein av dei første av gardbrukarane som starter opp med tidlegpotetene.

– Det går vore ein del diskusjon, men for ei veke sidan måtte vi bestemme oss for opptak på grunn av marknadsføring, seier han.

For hans del er dette fire dagar seinare enn i fjor og poteten vart sett i jorda minst to veker seinare enn i fjor.

– Det har visst vore nesten umogleg å få potet på Austlandet. Det har vore ein kald vinter, med sein vår og sidan har det regna, seier han.

Titals tonn poteter

Måndag starter leveransen av poteter som skal ut på marknadsområdet i Bergen. Og sidan elles på Vestlandet.

– Førre veke var det høg pris på poteter. No vil prisen falle ganske mykje. Importprisen på poteter er på rundt 13. kr kiloen så går det gradvis ned, seier Elthun.

Sidan det er dårleg med poteter i Europa får Lærdalsbøndene gode prisar for sine tidlegpoteter.

Måndag skal dei levere 13,2 tonn til Bergen, tysdag 8,8 tonn og onsdag rundt 15 tonn. Det er også leveransar på torsdag og fredag, men det er ikkje endeleg.

– Vi må sjå korleis salet går, men vi har tingingar på 51 tonn, seier Eltun.

– I løpet av første veke skal eg vel ut med ein 12–13 tonn, fortel Hjermann

På Felleskjøpet i Lærdal kjem potetene inn måndagsmorgon og blir pakka og vidaresendt same dag.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lærdal Grønt pakkeansvarleg

POTETPAKKAR: Per Atle Bjørkum er pakkeansvarleg på Lærdal Grønt og ventar ein travel sommar med pakking av potetene.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

– I morgon klokka 06.00 set vi i gang, og på tysdag morgon skal dei vere i butikkane. Solist er den tidlegaste sorten på marknaden i Norge. Det er ei kvit potet. På garden her skal vi ta opp 7,5 tonn i morgon, fortel Hjermann.

Han fortel at det vil ta ca fire timar, men at dei første fem tonn skal på pakkeriet til klokka 09.

Lang tradisjon

Her har vi halde på i alle fall sidan første verdskrig kan Hjermann senior fortelje. Han trur potettradisjonen strekkjer seg tilbake langt over hundre år.

– Det har alltid vore med tanke på sal. Bestefaren min gjekk med båt til Odda i Hardanger og selde før krigen, fortel han.

Hjermann fortel at poteta kom til Lærdal med ein potetprest.

Potet har alltid vore storproduksjon på garden Stødno i Lærdal. Garden er på 185 dekar, og i tillegg leiger bonden 60–70 dekar tre kilometer oppe i dalen for romsleg vekstskifte.

– Det vil vi halde fram med. Her er god jord og får vi selt potetene tidleg får vi god pris, fortel han.

Morellar, gulrot, eple og blomkål er også ein del av produksjonen på garden.

Per S. Hjermann poteter

TRADISJON: På garden Stødno er det lang tradisjon med poteter.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK