Hopp til innhold

Tidleg fruktbløming i Lærdal

I Lærdal har biene hektiske dagar, frutbløminga er nemleg i full gang, og det ei til to veker tidlegare enn vanleg.

– Vi er vel ei veke eller to tidlegare enn i eit normalår, men så spørs det kva vi skal kalle normalår etter kvart for vi er ei veke etter fjoråret , seier Harald Blaaflat Mundal i Lærdal i Grønt.

For sjølv om vi såvidt har byrja på mai, så er fruktbløminga full. Men tidleg bløming er ikkje heilt utan farar.

Store tap i fjor

– Det vi er redde no er nattefrosten, i fjor tapte vi 100 tonn på frost natt til 1. mai, så fjoråret var ein tøff sesong for moreller.

– Er det noko fruktbøndene kan gjere for å minske skadane av ei frostnatt.

Harald Blaaflat Mundal

HÅPAR PÅ GOD SESONG: Harald Blaaflat Mundal i Lærdal i Grønt.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Ja, nokre brukar varmekanoner, andre trekker plasttak over og andre igjen vatnar. Når ein vatnar så frys det eit tunt islag utanpå blomen utan at den tar skade. Det er nesten litt magisk.

Håpar på god sesong

I Lærdal er det stort sett moreller og bringebær som blir produsert. Dersom alt går bra, og nattefrosten ikkje gjer skade i frukthagane håpar Blaaflat Mundal på ein god sesong i år.

– På moreller så satsar vi på å passere 250 tonn, dersom vi kjem oss i gjennom våren utan frostskadar.