Hopp til innhold

Tidenes beste besøk på Briksdalen

I fjor hadde Briksdalen den beste sesongen nokon sinne, men så langt i år ligg dei ti prosent over fjoråret.

Briksdalen

NØGD: Rogeir Haugen, leiar i Oldedalen skyss, er svært nøgd med at talet på besøkjande i år ser ut til å slå fjorårets rekordsesong.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Slik som i dag har vi folk i Briksdalen frå tre ulike cruiseskip. Dei kjem puljevis, vi har ei utflukt på føremiddag og ei på ettermiddagen. I tillegg til det har vi veldig mykje andre grupper frå heile verda. Det er Asia, Israel, USA og ja, alle tungemål, seier Rogeir Haugen, leiar i Oldedalen skyss.

Så langt i sesongen ligg dei allereie godt framfor fjoråret som var det beste dei har hatt fram til no. Ved utgangen av juni låg dei ti prosent over fjoråret når det gjeld transport opp til breen.

– Det vi kan fastslå er at vi ligg føre fjoråret når det gjeld transport med trollbilane oppover. Privattrafikken sviktar litt, vi merkar at det er ikkje så fullt på parkeringsplassane, men det bygger godt opp att igjen med den gruppetrafikken vi har, seier Haugen.

Russland og Kina aukar

Av turistane som tek turen for å sjå til Briksdalen for å sjå breen og den flotte naturen rundt. Overvekta av turistane er utanlandske, seier eigar av Briksdalbre fjellstove, Per Briksdal.

– Russland og Kina er nasjonar som auka. I fjor var Kina litt meir tilbakehaldne, men i år er politikken litt annleis så då får vi ei auke. Så har vi andre nasjonar som er meir tilbakehaldne, og eg tenkjer då på Sør-Europa.

Ifølgje Briksdal er det også godt med norske turistar, men kanskje særleg i helgene. Haugen seier nordmenn stort sett kjem på denne tida av sommaren.

– No i fellesferien er det mykje fleire norske som ringer for informasjon og bestilling denne feriemånaden her, men summa summarum er det vel mindre med den type trafikk kontra det andre som vi har ganske bra vekst på, seier han og siktar til besøkjande frå utlandet.

Påverkast av internasjonale trendar

Briksdal er positiv også til framtida, sjølv om han er innstilt på at også Briksdalen vil ha opp- og nedturar som andre turistmål.

– Det vil alltid vere turistar, men så kan det variere frå år til år alt etter korleis økonomien og reisetrendane er ute i verda. Vi er veldig avhengige av internasjonale trendar, til dømes merkar vi at Sør-Europa slit, men totalt sett er det greitt.