Hopp til innhold

Tide buss skal køyre i Sogn

Fylkeskommunen har innstilt på at Tide Buss får kontraktane på busskøyring i Vik, Aurland, Lærdal, Årdal, Gaupne, Sogndal og Leikanger. Det skriv Fylkeskommunen i ei pressemelding. tre andre busselskap leverte også tilbod, og vinnaren vart den med lågast pris. Tilbodet frå Tide var på 67,1 millionar kroner i året. Kontrakten gjeld frå 19. juni 2017 til 22. juni 2025.

Tide Buss
Foto: Tide/Lars Svenkerud / Tide