Tente på epletre

Eitt av gravensteinstrea utanfor kommunehuset i Sogndal sentrum vart påtent måndag ettermiddag.

Like før klokka atten fekk Alarmsetralen melding, men folk i nærområdet fekk sløkt brannen raskt.

Treet er uthola i midten og er svært gamalt. Politiet har vore på plassen og meiner det er snakk om fanteskap.

 - Sevja stig, så det er ikkje så brannfarleg, seier tenesteleiar for kommunalteknikk i Sogndal kommune, Arvid Valland.

På Sunnfjord museum i Førde ligg det lagra over 13000 gamle gjenstandar. Men både dei tilsette og styret uroar seg over lagringstilhøva. I verste fall kan eldgamal kulturhistorie bli øydelagt.
Olden i Nordfjord er ein liten cruise-destinasjon, men tek imot store skip. 
To av verdas største cruiseskip ankra opp i morgontimane i dag, og tusenvis av turistar strøyma i land....
Tysdag 22. mai låg to av verdas største cruiseskip i Olden.