Hopp til innhold

Teletrøbbel på hotell etter lynnedslag

Eikum Hotell på Hafslo er midt i høgsesongen, men har etter eit lynnedslag fredag ikkje klart å ta i mot bestillingar.

Eikum Hotell på Hafslo

SLIT MED TELENETTET: Eikum Hotell på Hafslo har hatt trøbbel etter at lynet slo ned.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Fasttelefon og faks har vore nede, noko som gjer det vanskeleg for kundar å bestille overnatting. Stadfesting på nettbestillingar kjem på faks og dagleg leiar Ståle Kjos-Wenjum fryktar dei går glipp av fleire overnattingsgjestar:

– Telefonlinja er nede etter lynet slo ned. Den linja har vidarekopling til faksen vår. Stadfestinga kjem på den og desse får vi ikkje lenger.

– Korleis er situasjonen for dykk?

– Telefonen har vidarekopla til mobiltelefonen min og nattevakta må ha min telefon. I høgsesongen kjem dei som perler på ei snor, gjerne 10 om dagen. Eg håper vi ikkje går glipp av for mange bestillingar, seier han.

Telenor har no lova å rette opp problem i løpet av ettermiddagen.