Hopp til innhold

Har fått orden på telefonproblema

Feil på fasttelefonnettet gjorde at Sogn og Fjordane politidistrikt onsdag sleit med å ta i mot telefonsamtalar samt å ringe ut.

telefon

TRØBBEL: Politiet i Sogn og Fjordane slit med telefontrøbbel. Folk i naud må ringe 112.

Foto: Scanpix

Klokka 12.15 opplyser politiet at telefonproblema er retta.

Tidlegare på dag tysdag, var det vanskeleg for mellom anna politiet og Alarmsentralen å kome gjennom på fasttelefon.

– Vi får ikkje kontakt med folk ute, og dei får ikkje kontakt med oss på fasttelefonnettet, sa Espen Gulliksen ved operasjonssentralen til NRK.

Meldinga om at telenettet delvis er ute kom like før klokka 11. Områda som var råka var Florø, Bremanger og delar av Vågsøy.

– Enn så lenge skal vi klare dette, men det er dramatisk når ein må rutast vidare til nabodistrikta, seier Gulliksen.

Informasjonssjef i Telenor, Per Arild Meling, opplyser til NRK at ustabilitet på ei linje mellom Skei og Sogndal var årsak til problemet, men at dette no er retta.

Får ikkje kontakt med tryggingsalarmar

Også Alarmsentralen hadde problem med telefonlinjene.

– Dei som ringer naudnummeret blir omruta til mobiltelefon, så der har vi kontroll. Men om lag 2000 tryggingsalarmar er ute. Vi har varsla heimetenestene på SMS, slik at dei er merksame på det, fortalde Terje Brandsøy ved Alarmsentralen.

Dei siste månadane har det skjedd fleire gonger at telefonnettet har vore ustabilt i Sogn og Fjordane.