Hopp til innhold

Verftet har aldri opplevd betre tider - takkar flyteknologi

Medan store delar av verftsindustrien har fått oljestoppen midt i fleisen, har Brødrene Aa i Hyen aldri opplevd betre tider.

Brødrene Aa

HEKTISK: Brødrene Aa i Hyen er verftet mot straumen. Medan verft langs norskekysten permitterer eller går konkurs, må verksemda i Hyen tilsette fleire for å ta unna kontraktane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Skipsverftet med 130 tilsette har lukkast med miljøteknologien og treng i løpet av våren 20 ekstra tilsette.

Hausten har vore ein lang jubelseglas i nye kontraktar. To av dei tre siste kontraktene er samla verd over 300 millionar kroner.

Brødrene Aa

FLYINDUSTRIEN: Teknologien Brødrene Aa har satsa på kjem opphavleg frå flyindustrien. – Karbonfiber på eine sida, legge inn kjernemateriale, og karbonfiber på andre sida att. Det blir sterkt og lett, seier Aa.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det starta med ein stor turistbåt til Sognefjorden, «Seasight», som skal gå både på diesel og batteri. Det heldt fram med to kontraktar til Hongkong og seinast for ei veke sidan kontrakt på tre nybygg for Boreal Transport, fortel verftsdirektør Tor Øyvin Aa.

– Sterkt og lett

Verftet i Hyen gjekk for nokre år sidan bort frå å bygge skip til offshorenæringa. Med teknologi frå flyindustrien byggjer Brødrene Aa båtar med lågt drivstofforbruk og høg fart.

Verftsdirektøren viser fram mjuke dukar av karbonfiber. Fem arbeidarar er i gang med å feste isolasjonsmateriale på det blir eit sterkt skrog på ein ny snøggbåt.

Store deler av verftsindustrien har fått oljekrisen midt i fleisen. Men det finst unntak: Brødrene Aa meiner miljøvennlege farty har gitt dei historisk gode tider.

SJÅ TV-SAK: Store deler av verftsindustrien har fått oljekrisen midt i fleisen. Men det finst unntak: hos Brødrene Aa i Nordfjord har dei aldri opplevd betre tider. (FOTO/REDIGERING: ARNE STUBHAUG/NRK)

Teknologien vekkjer interesse i næringa. Og gir verftet løn for mangeårig satsing – og strev.

– Vi har jobba mot det grøne skifte i 10–12 år, og det er kanskje no det byrjar å materialisere seg for oss. Det har ikkje alltid vore like bra, så det er kjekt å oppleve dette, seier Aa.

Frå Kina

Huang Sheng Kai kjem heilt frå Hongkong for å følgje arbeidet med eit av Chu Kong Shipping sine nye båtar.

– Kinesiske styresmakter freistar å få gjort noko med klimautfordringane. Denne båten har låge utslepp. Det er bra for oss, seier prosjektleiaren.

Tor Øyvin Aa

DIREKTØR: Brødrene Aa starta satsinga på karbonfiber for fleire år sidan. No haustar direktør Tor Øyvin Aa og dei tilsette i Hyen fruktene av dette.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Langs kysten er stoda ei heilt anna. Fleire selskap i Bergen Group har gått konkurs. I Leirvik i Sogn har Havyard måtte seie opp 60 tilsette. Dei fleste andre blir permitterte. I Trøndelag vart Fosen-verftet i siste liten berga frå konkurs.

Tenkjer ikkje permisjonar

Johannes Idsø ved Høgskulen i Sogn og Fjordane trur det kan bli vanskeleg for tradisjonelle verft å snu seg rundt.

– Dei jobbar i stål, så det er ikkje berre å kaste seg rundt og få til suksessrike produkt og heva lønnsemd på kort sikt. Det vil krevje omstillingsprosess frå verfta, og den vil truleg vere dyr, seier forskaren.

Ved verftet i Gloppen ser hovudtillitsvald Oddbjørn Vee derimot ingen mørke skyer.

– Vi ser lyst på framtida, og tenkjer ikkje permisjonar i det heile. Derimot tenkjer vi oppbemanning, seier han.