Hopp til innhold

Tekne på fersken i historisk hasjbeslag

I to telt i eit privat hus i Gloppen, fann politiet nærare 40 cannabis-planter dei meiner var produsert for vidaresal.

Nils Ove Roset

HISTORISK: Politiet i Gloppen har aldri før funne så store mengder med den ulovlege planten cannabis som dei gjorde i førre veke. Lensmann Nils Ove Roset er godt nøgd med politiarbeidet.

Foto: Jan Nik. Hansen, Firda Tidend

– Etter våre forhold vil eg seie dette er eit stort beslag, seier lensmann Nils Ove Roset i Gloppen til Firda Tidend.

Fann plantar i telt

Tre menn i alderen 30–40 år vart torsdag i førre veke arresterte, mistenkte for å ha dyrka den ulovlege planten cannabis i eit privat bustadhus i Gloppen.

Fem polititenestemenn gjekk til aksjon og vart møtt av eit syn dei ikkje har sett før i Gloppen.

– Vi fann veldyrka og velvaksne cannabisplantar, fortel Roset til NRK.

I andre etasje i bustadhuset stod to telt som fungerte som drivhus for dei mange plantane, skriv avisa.

Dei var utstyrte med lysarmatur, vifter og anna utstyr for å halde lufta passeleg fuktig og varm. I tillegg fann politiet stiklingar i små beger, noko politiet meiner viser at det var planar om å halde fram produksjonen.

Nils Ove Roset

UKJEND SALSVERDI: – Vi veit ikkje kor mykje dette er verdt, men vi veit veldig godt kor skadeleg dette stoffet er, seier Roset.

Foto: Jan Nik. Hansen, Firda Tidend

Vedgjekk alt

Dei tre vart køyrde til Førde lensmannskontor for avhøyr, og sat der heile fredag.

– Dei har lagt alle korta på bordet, seier lensmannen til NRK.

– Kva har dei sagt om vidaresal til politiet?

– Det vil eg ikkje kommentere no.

Politiet har arbeidd målretta med saka og Roset seier at det er vanleg etterforskingsarbeid som er årsaka til at dei tre vart arresterte.

– Korleis vil du karakterisere beslaget?

– Dette er stort for oss. Vi har ikkje gjort liknande funn av denne planten tidlegare, og eg trur det er stort i fylket også.

– Kva vil skje med dei tre som vart arresterte?

– Dei er slepte ut av varetekt no, men vil få ein reaksjon frå politiet etter dette.

Viktig arbeid

Roset seier slike aksjonar er viktige for politiet og at det er vesentleg at ein får fjerna narkotiske stoff frå marknaden så snart som råd.

– Vi veit alle kva kan skje om ein brukar ulovlege stoff, og kor skadeleg det kan vere. Vi meiner vi har ganske god oversikt over brukarmiljøet og kva som skjer der i Gloppen no.