Hopp til innhold

Teken for innbrotsforsøk

Politiet har teke hand om ein ungdom som i 6.30-tida i dag vart teken på fersk gjerning i Stongfjorden. Politiet fekk melding om at uvedkomande var inne i eit lokale i tilknyting til ein butikk. Eit vindauge var knust og ei dør forsøkt broten opp. Ungdommen har vedgått forholdet.