Hopp til innhold

Tek pause frå Årdals-politikken

Etter å ha gjort eit brakval med Senterpartiet i Årdal har Aleksander Øren Heen søkt om permisjon frå verva sine i kommunen.

Liv Signe Navarsete, Aleksander Øren Heen og Jenny Følling

TIL OSLO: Aleksander Øren Heen (Sp) her saman med Stortingspolitikar Liv Signe Navarsete (Sp) og fylkesordførar Jenny Følling (Sp).

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Han er tilsett som politisk rådgjevar for Senterpartiet si stortingsgruppe med ansvar for samferdsle. Stillinga er eit vikariat frå mars og ut 2016.

– Eg er så heldig at eg har fått jobb som politisk rådgjevar Stortingsgruppa til Senterpartiet, seier Øren Heen.

Øren Heen og Senterpartiet gjorde i fjor haust eit historisk godt val i Årdal . Men no går den unge politikaren frå Årdal frå kommunepolitikk til å vere med å utforme samferdslepolitikken til Senterpartiet, og den viktigaste oppgåva framover blir Nasjonal Transportplan.

– Her kjem nok Senterpartiet til å lage sin alternative transportplan, og då blir det sjølvsagt ein del jobb knytt opp mot akkurat det.

Håpar å kunne påverke

– Kva betyr det at det er ein indresogning som skal gje råd om akkurat desse spørsmåla?

– Det kan vel vere like bra som nokon annan. Eg håpar jo og å kunne påverke litt i kva samferdslepolitikk som Senterpartiet skal føre, seier Øren Heen.

– På kva måte?

– Det er klart det er lettare å påverke når ein sit tett på, enn om ein sit utanfor. Så eg håpar at eg kan bidra både for Sogn og Fjordane sin del, men og for heile landet sjølvsagt.

Seier frå seg alle verv Årdal

Men som ein konsekvens av den nye jobben seier 26-åringen frå seg alle sine politiske verv i heimkommunen.

– Eg har valt å søke permisjon ut året. Dette er eit vikariat som varer ut 2016. Det er rett og slett fordi eg må få kvardagen til å gå opp. Skulle eg hatt verv både i kommune, fylkeskommune og rundt om kring i tillegg til å vere i Oslo så hadde det vorte krevjande.

Øren Heen var ei hårsbreidd frå å verte ordførar i Årda l, men avviser at det er vonbrotet over at dette ikkje lukkast som gjer at han søker til Oslo.

– Nei, det er det absolutt ikkje. Eg har fått ei moglegheit, og det kan vel vere ein konsekvens av eit godt valresultat, men dette handlar ikkje om noko vonbrot etter eit fantastisk valresultat, seier Øren Heen.

Dyktige folk

Sjølv om det no er ei temmeleg ung og uerfaren Senterparti-gruppe i Årdal, meiner Øren Heen at dei vil klare seg godt utan han

– Eg er sikker på at dei kjem til å handtere dette veldig godt desse månadane dette kjem til å vare. Dessutan så er det ikkje berre uerfarne folk. Det er folk som har vore i kommunestyre og formannskap tidlegare i den gruppa, slik at det er eg ikkje uroa for.

Øren Heen held fram i Fylkestinget. Thomas Nordheim Moen blir gruppeleiar i hans stad i Årdal Senterparti.

– Ser du denne jobben som eit springbrett for vidare politisk karriere?

– Det er vel aldri noko ulempe vil eg tru å ha vore inne i systemet sentralt. Vi får sjå kva tida bringar. Det er vanskeleg å seie, seier Øren Heen.