Berre ei veke etter at ein turistbuss gjekk opp i flammar i 11,4 kilometer lange Gudvangatunnelen kan utrykkingskøyretøy ta tunnelen i bruk frå i dag av.
– Vi lagar ein varslingsplan, slik at utrykkingskøyretøy varslar dei som jobbar i tunnelen slik at dei får fri passaje. Dette er viktig for å redde liv og helse, seier avdelingsdirektør Svenn Helge Finden i Statens vegvesen.
Også store køyretøy
Frå onsdag av kan også køyretøy over 7,5 tonn, utan passasjerar, ta tunnelen bruk. Då i kolonne til visse tidspunkt.
– Det blir fire gjevne tidspunkt i løpet av døgnet. Anna trafikk er vi ikkje klare for å setje på enno, men det vil vi komme tilbake til i neste veke, seier Finden.
– Kva er det som manglar før vanleg trafikk kan ta tunnelen i bruk?
– Det går føre seg ein del tungt arbeid i tunnelen og ein del av tryggleiksutrustinga er ikkje intakt. Difor må vi vente med å setje anna trafikk på.
Mindre skader enn venta
I alt 37 personar vart
. Dette var den andre brannen i tunnelen på to år. For to år sidan vart kring 70 personar sendt til sjukehus då eit polsk vogntog byrja å brenne.Då var tunnelen stengd i seks veker. Basert på denne erfaringa
.– Då hadde ikkje fått undersøkt tunnelen og utstyret i tunnelen grundig. Skadeomfanget er mindre enn sist, og det viser seg at utstyret er både nyare og enklare å skifte enn sist, seier Finden.