Hopp til innhold

Tek harpetimar via Skype

Då ho flytta frå Nederland til Stryn for to år sidan kom ho i beit for harpelærar. Då vart det å halde fram med harpelæraren i heimlandet – over Skype.

Stella Birthe Poland

EINASTE PÅ HARPE: Stella Birthe Poland kom til UKM med eit instrument få unge i Sogn og Fjordane kan traktere.

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard / NRK

– Det er betre enn ingenting, fortel Stella Birthe Poland (13).

Stella Birthe Poland

HOLLENDAR: Stella Birthe Poland nekta å gi opp harpespelet då familien flytta frå Nederland til Nordfjord.

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard / NRK

Jenta frå Stryn er faktisk den einaste i Sogn og Fjordane som speler harpe.

– På musikkskulen i Nederland hadde vi noko som heitte musikkorientering, der vi fekk prøve ei rekke instrument før vi valde eitt. Eg synest harpe var kjekkast.

Ho fortel at det var mange reaksjonar på instrumentvalet då ho kom til Stryn.

– Det var mange som vart veldig forundra. Somme visste ikkje ein gong kva for eit instrument dette var!

Sidan ho kom har det vorte mange framsyningar. Og no er det andre gongen på UKM, men første gong på fylkesmønstringa.

– Det er veldig kjekt å vere her.

UKM Sogn og Fjordane 2015

SJÅ VIDEO: Stella Birthe Poland sitt sceneinnslag under UKM i Førdehuset.