Hopp til innhold

Teipa sikta på hender og føtter

Ambulansepersonell og brannmannskap forhandla i 30 minutt med mannen som drap tre menneske på ein buss før han overgav seg. Gjerningsmannen blei teipa fast på hender og føter.

Ambulansepersonell og brannmannskap forhandla i 30 minutt med mannen som drap tre menneske på ein buss før han overgav seg. Gjerningsmannen blei teipa fast på hender og føter.

TØFF OPPLEVING: Ambulansefolka Ole Marius Folkestad og Øystein Walaker var mellom dei første på åstaden ved Holsbru mellom Årdal og Tyin.

Politiet kom først til staden etter at mannen vart tatt hand om. For ambulansepersonalet vart dette eit svært krevjande oppdrag. Ole Marius Folkestad og Øystein Walaker køyrde ambulansen og var den andre bilen på staden.

– Det var ein spesiell situasjon. Det er vanskeleg å beskrive den, seier dei to.

Saman med dei brannmannskap fekk dei lagt mannen i bakken og teipa hender og føter. Der låg han til politiet kom og fekk sett på handjern.

Anspent stemning

På veg mot fjellet fekk dei to først melding om at det var ei bussulukke på Filefjell. Undervegs fekk dei vite at det var ein mann med kniv i bussen.

– Vi kom fram som den andre bilen og blei møtt av ein frå brannvesenet som hadde skadestadsansvaret. Vi melde oss for han og organiserte oss.

– Kva tankar gjorde du deg då det var kniv involvert?

– Då byrja vi å vurdere vår eiga tryggleik. Det var også ei løpande vurdering vi hadde.

Dei vurderte at det ville vere tryggast at personen blei halden inne på bussen sidan han hadde kniv.

– Vi gjekk inn for å halde han inne på bussen og han skulle få komme ut om han gjorde det uvæpna. Det var anspent stemning, men samstundes roleg.

Såg at sjåføren var død

Det blei fort stadfesta at sjåføren var død. Men dei visste ikkje kor mange andre som var i bussen.

– Vi visste ikkje noko om helsetilstanden til dei og var også usikre på kor mange som var i bussen.

– Kva syn var det som møtte dykk på bussen?

– Det kan eg ikkje gå inn på.

Fekk han ut utan kniv

Redningsmannen på luftambulansen hadde ein dialog med mannen og klarte å roe han ned. Brannmenn væpna seg med hammarar og eit pulverapparat. Frå Folkestad og Walaker kom fram til Holsbruvatnet og til mannen var sikra ut, tok det om lag 30 minutt.

– Vi hadde oppsikt med kor gjerningsmannen var i bussen. Brannmenn blei stilt opp ved utgangsdøra med eit spettliknande utstyr i tilfelle mannen kom ut med kniv. Etter kvart fekk vi forhandla han ut utan kniv, fortel dei.

19 år gamle Margaret Molland Sanden frå Årdalstangen, bussjåfør Arve Kvernhaug busett i Bagn i Valdres og Brahim Khouya frå Göteborg blei drepne på bussen.

Vil ikkje kommentere innsatsen til politiet

Brannsjef i Årdal, Gaute Johnsgaard, sa i går at brannmannskap og ambulansepersonell blei så frustrerte over å vente på politiet at dei valde å gripe inn.

Dette var i strid med instruksen frå politiet om å halde god avstand og ikkje gjere noko før patruljen var på plass. Men ventetida blei for lang, og dei valde å gripe inn.

Ole Marius Folkestad og Øystein Walaker vil ikkje kommentere noko som har med politiet å gjere.

– Dette vil vi ikkje uttale oss om, seier dei to.

– Eigne kjensler er feil fokus

Det er først i dag dei to har fått fri. Dei har fått tett oppfølging og har hatt mange møter.

– Det har vore travle døgn, det er ikkje tvil om det, seier dei to.

– Var det budde på det som møtte dykk på staden?

– Det er jo jobben vår, men dette var sjølvsagt ein ekstrem situasjon. Vi er trent til å gjere jobben vår, men dette ligg eit godt utanfor det vi skal halde på med.

– Kva slags kjensler sit de med no i ettertid?

– Det blir feil å snakke om våre kjensler. Det er familiane til dei drepne sine kjensler som skal vere i fokus, seier dei to.