Hopp til innhold

Teaterforeininga åtvarar mot teaterkutt

Norsk teater- og orkesterforening (NTO) åtvarar fylkeskommunen mot å kutte støtta til Sogn og Fjordane Teater.

Sogn og Fjordane Teater - inngang

INNTEKT I FARE: Fylkeskommunen vurderer kutt i stønaden til Sogn og Fjordane Teater.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– I yttarste konsekvens vil ikkje folk ha eit teater å gå til, seier Morten Gjelten, leiar i foreininga.

Ville vore uroa

Sogn og Fjordane fylkeskommune må spare over 220 millionar i løpet av fem år. Stønaden til bokbåten «Epos» er alt historie. No jobbar administrasjon og politikarar med kva som kan kuttast av kulturtilbod – også millionstønaden til teateret kan stå for fall.

Morten Gjelten

BER FOR TEATERET: Morten Gjelten og Norsk teater- og orkesterforening ber i eit brev til fylkeskommunen om at teateret blir skåna for kutt.

Foto: Bjørn Moe, NTO

– Eg ville vore uroa viss Sogn og Fjordane Teater hadde blitt svekka slik at det innbyggjarane fekk av teatertilbod, anten ville vere sentrale produksjonar på turné, eller at ein måtte reise til Bergen eller Oslo og dei store byane for å oppleve scenekunst, åtvarar Gjelten.

Kan miste støtta frå staten

Han og ber fylkeskommunen tenke seg godt om før dei tek fram sparekniven. i ei skriftleg uttale til fylket oppmodar NTO om at bevillingane til teateret blir vidareført og at ein bidreg til å sikre teateret si framtid.

– Ei kortsiktig innsparing kan føre til store langsiktige konsekvensar for ein viktig kulturinstitusjon.

Gjelten meiner fylkespolitikarane må sjå at dei vil tape meir på eit kutt enn det dei vil spare ved å fjerna stønaden. I dag tek staten mesteparten av rekninga for teateret, mens fylkeskommunen og Førde kommune står for om lag 30 prosent av teateret sine inntekter.

Fylkeskommunen si støtte har dei siste åra lagt på drygt fem millionar kroner årleg. Stoppar den lokala stønaden, ryk også dei statlege pengane i spleiselaget.

– Då vil staten halde tilbake sine tilskot. Det vil setje dette teateret – og andre kulturinstitusjonar – kraftig tilbake, fryktar Gjelten.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Sogn og Fjordane Teater - "Saman skal vi leve"

DISTRIKTSTEATER: Sogn og Fjordane Teater, med hovudbase i Førde, spelar i dag alle førestillingar rundt om på ulike scener i fylket. Biletet er frå 'Saman skal vi leve' i 2011.

Foto: NRK

Gjerland (Sp): – Skal slåst for kulturinstitusjonane

Nils Gjerland (Sp), leiar i fylket sitt hovudutval for kultur seier han forstår at teaterforeininga er uroleg. Men det er enno ikkje avgjort kvar de skal spare. Han ser også at de vil tape meir på å kutte i teatertilbodet.

– Nei, det står fram ikkje som lurt. Men når vi ikkje har desse pengane, så må vi på eitt eller anna vis redusere pengebruken på eitt eller anna område. Så får vi sette dei opp mot kvarandre. Eg skal i alle fall slåst om kulturinstitusjonane sine interesser så langt som det er mogleg. Det er sterke argument for å ikkje tape pengar som ikkje flyt inn i regionen vår, seier Gjerland og siktar med det til teaterstøtta frå staten.