Hopp til innhold

Kjempa mot IKEA i retten om millionar - no er begge partane tause

Partane møtte i retten om ein konflikt om gule og blå fasadelement på nybygget til IKEA i Åsane. Men no har dei inngått forlik.

IKEA gjøres ferdig

GULT OG BLÅTT: IKEA i Åsane opna nybygget i 2012. No har dei inngått forlik med RindeRekon etter strid om den gule og blå fasaden.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Verksemda RindeRekon frå Vik i Sogn og møbelgiganten IKEA har inngått forlik etter at dei møttest i million-strid i tingretten denne veka.

RindeRekon utførte eit omfattande fasadearbeid for IKEA i samband med bygginga av det nye varehuset i Åsane i Bergen som opna i 2012.

Men det synte seg at det oppstod lekkasjar, og IKEA heldt tilbake 10 millionar kroner av oppgjeret for det dei meinte var manglar ved jobben med å montere dei gule og blå fasadeelementa.

Slapp rettssak

– Vi er nøgde med å ha kome til eit forlik, men utover det ønskjer vi ikkje å kommentere forliket, seier dagleg leiar i RindeRekon, Bjartmar Rinde, til NRK.no.

Det var beramma fem dagar til ei rettssak mellom partane denne veka, men måndag ettermiddag blei verksemdene samde om ein avtale. Dermed slepp dei ei omfattande rettssak.

Ingen kommentar frå IKEA

Kva som er innhaldet i forliksavtalen ønskjer begge partane å halde hemmeleg, også kva økonomiske konsekvensar vedtaket får å seie for RindeRekon.

– Vi kan stadfeste at vi har kome til eit forlik, og det er vi glade for, er Kristian Willanger i IKEA sin kommentar til saka.

RindeRekon har tidlegare tapt eit søksmål mot den tyske leverandøren og produsenten av dei gule og blå fasadeelementa.