Hopp til innhold

Omstridd taretråling er blitt milliardnæring langs kysten - bransjen ønskjer å tråle meir

Taretråling er blitt ei milliardnæring langs kysten. Internasjonale storkonsern brukar taren til alt frå matlaging til kreftmedisin.

Taretråling er blitt milliardnæring langs norskekysten. Og no vil den omstridde bransjen ta opp endå meir tare. Sjøplanten blir brukt i alt frå matlaging til kreftmedisin.

Omstridd Taretråling

Norsk stortare vil kundar frå heile verda betale godt for. Kvart år blir 170 tusen tonn blir henta opp like utanfor den norske kyststripa. Båtane kan hauste opp 300 tonn dagleg. Taren har ein eksportverdi på 1,3 milliardar kroner i året.

Norsk stortare inneheld alginat. Alginatet blir til pulver som brukast til alt frå legemiddel til matvarer og tekstilar.

(Saka held fram under biletet)

Taretrålaren Sjøalg

ENORME MENGDER: Båtane kan totalt hauste opp 300 tonn tare dagleg.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Veksande marknad internasjonalt

Det amerikanske selskapet bak trålinga ser ein veksande marknad. Produktsjef i FMC Biopolymer, Ole Damm Kvilhaug, seier dei kunne levert endå meir alginat.

– Ønskje er å hauste tare langs heile norskekysten og få tilgang til nye areal i nordtrøndelg og nordland, og auke verdiskaping og sysselsetting.

I Ålesund leverer taretrålaren Sjøalg taren til ein spesialbygd fraktebåt der taren blir kutta i det den kjem om bord. Derifrå vert den frakta til FMC Biopolymer sin fabrikk i Vormedal i Karmøy kommune.

Produktsjef Ole Damm Kvilhaug i FMC Biopolymer ser store moglegheiter i framtida. Får han viljen sin blir trålinga eit vanleg syn fleire stadar.

– No er det jo farmasøytisk industri som er på veg inn, vi ser det brukt i kreftbehandling. Det er ei rekkje spennande bruksområde for alginat i framtida.

(Saka held fram under biletet)

Sjøalg

ETTERTRAKTA VARE: Skipperen om bord på Sjøalg, Ole Hatløy, leverer ettertrakta vare.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Tråling set sinna i kok

Men taretråling er omstridt. For når taren forsvinn fryktar fiskarane at grunnlaget for fisk og andre sjødyr blir vekke.

I Kalvåg i Bremanger lossar Havstjerna fisk ved mottaket til Brødrene Larsen. Her har fiskarane lang erfaring med taretråling på Bremangerpollen. Skipper Birger Grotle ynskjer taretrålinga dit peparen gror.

– Vi må få det stoppa, dei tar vekk yngelen som gøymer seg i tareskogen. Både fisk, hummar og krabbe – dei tar alt for oss. Etter at dei byrja har det gått nedover med oss her i Bremanger.

Han er ikkje begeistra for at det amerikanske selskapet ønskjer å utvide taretrålinga.

– Det må vi forby totalt. Vi ser det alle plassar dei er, det er gale det dei gjer.

(Saka held fram under biletet)

Taretråling

ALGINAT: Ein grabb med ettertrakta vare som blir brukt i kreftmedisin.

Foto: Ole Andre Rekkedal/NRK

Nestleiar i Bremanger fiskarlag, Eivind Larsen, er meir forsiktig.

– Alle har jo sterke meiningar, men taretråling er ei næring som er kommen for å bli. Vi kan ikkje berre seie at dei skal vekk, det er for gale. Men at dei har ei innverknad trur vi, men kor gale og ikkje gale det veit vi for lite om basert på forsking.

Lite forskingsgrunnlag

I spørjetimen i Stortinget i mars i år sa fiskeriminister Lisbeth Berg Hansen at uttaket av tare berre utgjer 0,3 prosent av samla mengde tare i Norge, og berre 2,5 prosent av den naturlege tilveksten av tareskog.

Ved Havforskingsinstituttet i Arendal har seniorrådgjevar Torjan Bodvin forska på korleis dyrelivet blir påverka av taretråling. Men så langt er det berre gjort eit stort forsøk.

– Dette er berre gjort i eit område i Nord-Trøndelag og resultatet derifrå viser at det ikkje er så store konsekvensar.