Hopp til innhold

Tapte 20 millionar kroner på bussproduksjon

Kreditorane etter Vidre-konkursen tapte nær 20 millionar kroner på forsøket å atterreise industrikjempa i Stryn.

Buss frå Vidre

SLUTT: Vidre leverte sin første buss i 2011. To år seinare var det kroken på døra og 30 tilsette mista jobben i konkursen.

Foto: NRK

Konkursmeldinga som no er avslutta, viser at det samla kravet i buet var på 20,4 millionar kroner.

Arvid Andenæs

STORT TAP: Banksjef Arvid Andenæs i Sparebanken Sogn og Fjordane må innsjå at banken gjekk på ein smell.

Foto: Arve Ullebø

Sparebanken Sogn og Fjordane har åleine tapt mellom tre og fire millionar kroner på Vidre-konkursen. Ved å sjølve selge lausøyre frå konkursbuet fekk banken inn omlag halvparten av sitt krav som var på over sju millionar kroner. Utover det fekk ingen kreditorar pengar.

– Dette var eit ærleg forsøk frå aksjonærane, offentlege institusjonar og banken på å få til verksemd i Stryn. Om ein lokal bank vågar å satse og tape pengar på slikt, så er det ei ærleg sak, seier banksjef Arvid Andenæs.

Konkurs

Det har gått fire år sidan Vest Buss-gruppa meinte at det ikkje lenger var liv laga å drive eigen produksjon av bussar, og ville ha ei styrt avvikling. Lokale krefter, banken, Innovasjon Norge og fylkeskommunen ville prøve litt til, og skipa Vidre AS

Forsøket gjekk dundrande konkurs etter berre tre år . 30 tilsette mista jobben .

– Trass i auka ordremengd siste tida, må vi dessverre konstatere at omsetningsnedgangen vart større og meir langvarig enn det økonomien vår kunne tole, opplyste leiinga i fjor.

Fylkeskommunen gav lån

Jan Heggheim

DIREKTØR: Jan Heggheim er fylkesdirektør for næring i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Andenæs stadfestar at eit tap på mellom tre og fire millionar kroner ikkje er så langt unna sanninga. Dei andre kreditorane tapte derimot alt.

NAV lønsgaranti berga løn til dei tilsette på litt over fire millionar kroner. Hos fylkeskommunen innser fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim, at deira høgst uvanlege lån på 1,6 millionar kroner er vekke. Lånet kom til fordi ein endå ikkje hadde fått på plass Fjord Invest Såkorn som skal syte for risikokapital til verksemder i oppstartfasen.

– Årsaka til at vi gjekk inn var å prøve å hjelpe til, seier Heggheim.

2,1 millionar borte

Halvor Flatland

DIREKTØR: Halvor Flatland er direktør i Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane.

Konkursmeldinga viser at Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane tapte vel 2,1 millionar kroner.

Direktør Halvor Flatland seier dei pengane er borte for godt.

– Det er klart at det ikkje er enkelt å drive bussproduksjon i Norge. Og slik vart det, seier han.