Hopp til innhold

Familie takkar redningsmannskap og nærmiljøet etter den dramatiske brannen

Familien på fire som var blant dei verst råka av storbrannen i Svelgen, takkar no redningsmannskap, kommunen og nærmiljøet for innsatsen etter den dramatiske hendinga.

Undersøkingane er i full gang i branntomta i Svelgen etter storbrannen natt til laurdag, der ti personar vart huslause.

GRANSKAR TOMTA: Fire personar blei sendt til sjukehus med røykskader etter brannen i Svelgen fredag. I dag granskar teknikarar tomta. Foto/Redigering: Silje Guddal

Eit foreldrepar, og borna deira på tre og fem år, blei sende til Førde sentralsjukehus med røykskadar. Rekkehuset deira blei totalskadd i brannen fredag kveld. Familien ønskjer ikkje å stå fram i media, men mora seier til NRK at dei har det så bra som råd er no.

– Vi er alle utskrivne frå sjukehuset, og tilbake i Svelgen der vi no bur hos familie. Vi har det etter forholda bra. Vi er veldig imponerte over korleis kommunen og nærmiljøet har handterte situasjonen, seier mora.

Tre rekkehusvære blei totalskadd i brannen som braut ut ved 20-tida fredag kveld. Fleire andre husvære måtte evakuerast. Dårleg vasstrykk blei ei stor utfordring for dei som skulle sløkkje brannen. Kvifor trykket var dårleg, skal kommunen no finne ut av.

Tre leiligheiter brann ned til grunnen og ei fjerde leiligheit fekk store skader i brannen i Svelgen.

STORE SKADAR: Fleire hus blei totalskadde i brannen i Svelgen.

Vil finne årsaka

– Dette området blir forsynt med vatn frå eit høgdebasseng, så kva som er årsaka til at trykket var dårleg er vi nøydde å finne ut av, seier rådmann i Bremanger, Tom Joensen, til NRK.

Han understrekar at betre vasstrykk i seg sjølv ikkje kunne vore med og avgrensa skadeomfanget.

– Brann- og redningstenesta fekk stoppa det som var mogleg, uavhengig av vassmengda. Ein fekk jo også etter kvart to tankbilar som leverte meir vatn. Men uansett må vi finne ut årsaka, seier rådmannen.

Først og fremst hjelp

Han peikar også på at det kommunen først og fremst driv med no, er å hjelpe dei som er råka av brannen.

– Vi held på med ei sanering og opprusting av vassrøyr i Svelgen-området, så det er ein prosess som pågår dette. Vi må nok hive enda meir kol på no sidan vi fekk denne opplevinga på fredag.

Leikar samla inn etter brannen

SAMLA INN: Mykje er samla inn på eit lager i Svelgen til dei mange som er blitt huslause og har mista alt dei eigde.

Foto: Silje Guddal / NRK

Har samla inn klede og leikar

Til dei råka familiane har det blitt samla inn mykje klede og leikar, og desse vil bli fordelt ut til dei som treng det.

– Eg vil seie at denne kvelden dette skjedde, så var dei fleste råka fatta. Men det er klart at dei kan få reaksjonar etterpå. Ein del har teke kontakt med kriseteamet. Mellom anna får dei snakke med helsepersonell, og det gjeld også praktiske ting, seier Joensen.