Hopp til innhold

Takka nei til gigantisk bod på Øren

Sogndal Fotball avslo i år 2000 eit tilbod på Tommy Øren som var "betydeleg større" enn 45 millionar. Øren kunne også gått til Monaco samtidig som John Arne Riise.

Ein ung Tommy Øren jublar etter å ha senka Vålerenga i kvalikkampen i 2000.

Fotballverda låg for Tommy Øren sine føter etter at han sikra Sogndal opprykk i 2000.

Foto: NRK

- Bodet var i alle fall betydeleg større enn det Eirik Bakke gjekk til Leeds for, og han vart seld for 45 millionar kroner, seier dåverande styreformann i Sogndal Fotball, Rolf Navarsete.

Han vil ikkje talfeste bodet nøyaktig, men det var kjent at ei rekke franske toppklubbar, som Lyon, Bordeaux og Monaco var ute etter Øren.

Av desse var det truleg berre Lyon som hadde økonomiske musklar til å stable på beina eit bod som kunne nærme seg norsk fotball sin dyraste eksport nokon sinne: John Carew til Valencia for 75 millionar i 1999.

- Det var fleire storklubbar. Ikkje i England, men kanskje i Frankrike, seier Navarsete.

Kunne gjort som Riise

I eit portrettintervju med NRK Sogn og Fjordane i etterkant av scoringa som sende Sogndal opp i Eliteserien , lettar også Øren sjølv litt på sløret.

- Det ikkje så mange veit er at eg som 18-åring fekk same tilbodet som John Arne Riise fekk frå Monaco. Dei ringde meg, men han takka ja og eg takka nei. Så kan jo folk sjå korleis karrierene våre har blitt. Eg følte ikkje at eg var klar og trivdest godt i Sogndal. Det gjer eg enno, seier Øren.

Skade nr. 1

Den store interessa for Øren i Frankrike stoppa opp då han knekte foten i ein eliteseriekamp mot Molde 16. mai 2001. Skaden var alvorleg, og arbeidet som vart gjort i etterkant var ikkje godt nok.

- Ein ting er å få ein skade, men det ein gjer etter skaden er viktig. Der var ikkje eg seriøs nok. Det handlar om opptrening og slikt, og det tok eg for lett på. Det får ein svi for i ettertid, seier Øren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tommy Øren matchvinnar mot Fredrikstad

Tommy Øren var igjen på alle sine lepper etter at han sikra Sogndal opprykk til Eliteserien.

Foto: Tor Yttri

Skade nr. 2

Øren viste igjen lovande takter for Sogndal i 2003, men 22. juli pådrog han seg eit nytt langt skadeopphald. Han forlot Sogndal til fordel for Ham-Kam i 2005, men etter eit relativt mislukka opphald der vende han til bake til Sogndal i vår.

Øren sjølv seier han ikkje tenker så mykje på korleis karriera kunne blitt.

- Det ringte agentar med interesserte klubbar nesten dagleg, men eg lærte meg at det ikkje alltid var noko i det. Etter kvart tenkte eg ikkje noko på det. Som alle andre unge gutar drøymde eg om å få spela for eit storlag og hadde kanskje ein draum om Manchester United, men samtidig hadde eg det godt der eg var, seier Øren.

Kontrakten hans med Sogndal går ut ved årsskiftet, men det er venta at han vil skrive under på ein ny med det første.