Hopp til innhold

Syklist til sjukehus etter utforkøyring

Ein mann i starten av 40-åra er henta med luftambulanse etter ei sykkelulukke på fjellvegen mellom Turtagrø og Årdal.

ulykke årdal

Mannen skal ha sykla utfor ein vegskrent. Politiet fekk meldinga klokka 10.28 om ei ulukka mellom Turtagrø og Årdal, fem–seks kilometer nord for Høystølen.

Han skal ha vore ifølgje med fleire andre syklistar, men det skal ikkje vere fleire personar som er skadde.

– Det er berre ein syklist som har vore involvert i ulukka, fortel operasjonsleiar Trond Hatlenes ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet melder om at personen skal ha lettare skader, men blei teken med til sjukehus.

– Personen har eit brot i ei hand, opplyser Hatlenes.