Hopp til innhold

Vart ferdig med bunaden - 48 minutt på overtid

– Knapphola er eg minst fornøgd med, seier 18 - åringen som stiller i splitter ny, sjølvlaga bunad på 17. mai. Men det var på håret...

Målet var å sy sin eigen bunad til han vart 18 år. Han har heldt på sidan han var 13 år. Det meste er sydd for hand. No står det att å gå til fotograf.

I STUDIO: Rune Nygård i fotostudio til Cecilia Molander. Foto/redigering: Heidi Lise Bakke

Rune Nygård frå Florø har helde på sidan han var 13 år.

– Eg er ikkje heilt nøgd med knapphola, seier Rune Nygård som nettopp er ferdig med å sy sin eigen bunad. Knapphola er sydd for hand.

Han byrja då han var tretten år. Beltet og bukseselane har teke mest tid, Beltet er laga av mange tusen små kors-sting og selane er laga for hand med grindvev. I tillegg så er nesten heile bunaden sydd for hand.

Dei stadene der det treng å vere sterkt, har han sydd med ei eldgamal maskin som stort sett har sikksakk-saum og beint frå-saum.

Vart ferdig 48 minuttar over midnatt

18-åringen frå Florø har jobba hardt i det siste for å få den ferdig. Håpet var i tillegg å kunne bruke den på 17. mai. Han hadde bursdag 2. april og vart ferdig med heile bunaden 48 minutt over midnatt.

– Eg er både stolt og glad over at eg har klart det, seier Nygård.

Han har ei bestemor som sydde sin eigen bunad då ho var 19 år. Så han tenkte han kunne ikkje vere dårlegare. Og medan andre ungdomar sparer til moped og slikt, har han spart pengar til sølv til bunaden. No er samlinga av sølv komplett.

Vi fekk vere med Rune Nygård då han skulle fotograferast hos Cecilia Molander som har fotostudio i Florø. Det var sjølvsagt naturleg å ta eit bilete attmed rokken.

Sjå Rune Nygård i Norge Rundt fredag 15. mai kl. 19.30 på NRK 1.

Rune Nygård

Rune Nygård med sin eigen heimesydde bunad. Foto Cecilia Molander

Foto: Cecilia Molander / NRK