Hopp til innhold

Svikta elevane i alvorlege mobbesaker

I fleire år har leiinga ved Nordfjordeid skule visst om mobbing, utan å gjere det dei kunne for å stoppe det. No legg kommuneleiinga seg flat.

Laster innhold, vennligst vent..

"På denne skulen er det ingen mobbing. Litt småterging må ein rekne med."

Det var svaret Eli Sætre seier ho fekk, då ho fortalde rektor ved Nordfjordeid skule om sønene sine som blei på mobba gjennom fleire år.

Sætre er ein av fleire foreldre ved skulen som føler seg svikta av skuleleiinga.

– Når ungane lèt som dei er sjuke for å sleppe å gå på skulen, er det meir enn terging. Då er det alvorleg. Eg synest det er heilt utruleg at ingen har gjort noko med dette.

–Trugslar og valdsbruk

eli sætre

– BITTERT: – Det er bittert å tenkje på at ingen har gjort noko, seier Eli Sætre.

Foto: Anders Mildestveit

Men sjølv om Eli Sætre sjølv gjekk til rektor for å fortelje om mobbinga, blei det aldri følgt opp slik det skal. I dag er det fleire år sidan sønene hennar var elevar ved skulen, men Sætre ønskjer å fortelje om opplevingane hennar med skulesystemet.

For lovverket er klart. Det er eleven si oppleving som skal leggjast til grunn for om det skal bli oppretta eit såkalla enkeltvedtak ved skulen, altså ei mobbesak. Eit slikt vedtak inneheld ein konkret plan med tiltak for å stoppe mobbinga.

Fleire andre foreldre NRK har snakka med, har same oppleving som Sætre. Dei hevdar det var alvorleg mobbing som gjekk føre seg på skulen. Alvorlege trugslar, valdsbruk og utestenging, er noko av det barna deira skal ha opplevd.

Av omsyn til barna sin unge alder, har NRK valt å anonymisere foreldra.

Eg fekk beskjed om at det kosta for mykje å opprette mobbesak. Dessutan ville det gå ut over andre.

Mor

Vi blei ikkje tekne på alvor av skulen. Det har vore ein knallhard kamp.

Far

Dei sa dei skulle gjere noko, men ingenting skjedde.

mor

– Ikkje godt nok

Åslaug Krogsæter

– ALVORLEG: Rådmann i Eid kommune, Åslaug Krogsæter, seier det er alvorleg at det ikkje er oppretta enkeltvedtak i saker der foreldre har kontakta skuleleiinga om mobbing.

Foto: NRK

Men no får mobbesakene konsekvensar.

Dei siste vekene har kommuneleiinga i Eid snakka med minst fem foreldre som har, eller har hatt, barn ved skulen som har blitt mobba.

Alle foreldra har på eit tidspunkt sagt ifrå til leiinga ved skulen at barna deira blei mobba, utan at det blei sett i verk tilstrekkeleg tiltak.

– Dei fortel om utestenging som medfører store psykiske problem. Andre barn gir uttrykk for at dei ikkje veit om dei orkar å leve fordi livet er så vanskeleg, seier rådmann Åslaug Krogsæter.

Leiinga i Eid kommune beklagar no overfor Sætre og dei andre foreldra.

– Når dei har det så vanskeleg på skulen, har skulen eit ansvar til å hjelpe dei å få det betre, seier Krogsæter.

Ho vedgår at det skulle blitt oppretta enkeltvedtak i alle sakene der dei har snakka med foreldra. Ho seier det er alvorleg at dette ikkje blei gjort.

– Sidan det ikkje vart oppretta enkeltvedtak, set ein kanskje ikkje inn dei rette ressursane og dei rette tiltaka. Foreldra føler at dei ikkje blir møtt og forstått.

Rektor beklagar

Rektor ved Nordfjordeid skule viser til rådmann og skulesjef i Eid kommune, men skriv følgjande i ein e-post til NRK:

Eg som rektor på skulen må berre seie meg lei for at desse foreldra opplever at dei ikkje har blitt teken på alvor i desse sakene.

– Han har opplevd at han har teke sakene alvorleg, og prøvd å sette inn tiltak, men ser at han har gjort det på feil måte. Han skulle i mykje større grad ha oppretta enkeltvedtak for å følgje prosedyrane, fordi han kunne ha sikre ei betre tilnærming og avdekking, og kanskje lukkast med å stoppe dette tidlegare, seier rådmann Krogsæter.

– Dessverre vanleg

Anne Lindboe

FÅR DAGLEG HENVENDINGAR: Barneombod Anne Lindboe seier det er svært vanleg at foreldre ved norske skular opplever å ikkje bli tekne på alvor av skuleleiinga når dei seier ifrå om mobbing.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Anne Lindboe seier historiene på Nordfjordeid skule er langt frå eineståande.

Ho seier at barneombodet dagleg får henvendingar om mobbesaker der det ikkje blir gjort nok for å beskytte barnet.

– Dette er svært alvorleg. Alle barn har rett til å ha det godt på skulen. Det å bli utsett for krenkingar er særs alvorleg, og kan i yttarste konsekvens øydeleggje livet til den som blir utsett for dette.

Fekk kritikk i 2010

I Nordfjordeid skule sitt tilfelle, har imidlertid kommunen hatt moglegheit til å gripe inn tidlegare.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gjennomførte i 2010 eit tilsyn ved Nordfjordeid skule, der dei mellom anna såg på elevane sitt psykososiale miljø.

I rapporten påpeika Fylkesmannen at skulen var tilbakehaldne med å opprette mobbesaker.

Dei foreldra NRK har snakka med, viser alle til hendingar etter 2010.

– Når eg ser kor mykje barna våre har slite, og eg veit det er mange andre barn som har hatt det vondt, blir eg frykteleg bitter på at ingen har gjort noko, seier Eli Sætre, mor til to av gutane som vart mobba ved skulen.

Det er viktig å presisere at resultatet frå elevundersøkingar ved Nordfjordeid barneskule dei siste åra, tyder på at det ikkje er meir mobbing på Nordfjordeid skule enn andre skular i landet.

Skuleleiinga understrekar at problemet ikkje er omfanget av mobbing ved skulen, men korleis dei sakene som har oppstått har blitt handtert.

No skal kommuneleiinga møte alle rektorar i kommunen for å sikre at dei har forstått regelverket, og korleis det skal praktiserast.

  • Har du innspel til saker innanfor temaet mobbing? Tips NRK sine journalistar her.