Hopp til innhold

Sverre (69) takkar naboen for livet

Sverre Olav Torheim (69) frå Eid takkar naboane for livet. Tilfelle gjorde at han vart oppdaga då bilen enda i ein vinterkald fjord. – Dette kan mange lære av, meiner han og redningsmann om den dramatiske ulukka.

Tilfeldigheiter gjorde at Sverre Olav Torheim frå Eid vart oppdaga då bilen enda i ein vinterkald fjord.

SJÅ: Sverre Olav Torheim fortel om den dramatiske ulukka ved Torheim i Eid 21. desember i fjor. FOTO: Øystein Torheim.

69-åringen er tilbake ved staden der han var nær ved å miste livet. Ved den smale fylkesvegen ut mot den vesle grenda Torheim i Eid.

Sverre Olav Torheim

TILBAKE: Sverre Olav Torheim er tilbake på staden der han vart berga i siste liten.

Foto: Øystein Torheim

21. desember for eitt år sidan var Sverre Olav Torheim på veg heim frå Nordfjordeid. Der hadde sauebonden levert ull og handla julegåver til familien sin.

Klokka var nær 16 om ettermiddagen då han brått mista kontrollen over bilen sin .

– Eg trefte fjellveggen slik at frontruta eksploderte. Eg såg ingenting og la sikkert pickupen for hardt over mot høgre. Med det låge autovernet mot sjøen kleiv jo hjula lett over, fortel han.

Iskald fjord

Dermed var gode råd dyre. Bilen enda på minst seks meters djupne. Lufttemperaturen var -4. Hausten og vinteren hadde vore iskald.

– Eg hadde jo bilbeltet på. Den tok eg av som det fyrste eg gjorde. Eg bøygde meg ned for å få opp døra, men før eg fekk gjort noko som helst, var eg brått ute av bilen. Eg flaut ut den knuste frontruta og sumde det eg kunne for å kome meg opp til overflata. Eg følte det tok litt tid før eg kom meg opp, seier han og legg til:

(Artikkelen held fram under biletet)

Bilen blir berga opp frå fjorden ved Torheim.

DRAMATISK: Bilen til Sverre Olav Torheim trefte først fjellveggen før den hamna i fjorden. Dagen etter vart den berga på land.

Foto: Øystein Torheim

– Det å kome inn til fjæra var i grunnen det tyngste. Eg hadde tjukk vinterjakke og marsjstøvlar på meg. Så det var ikkje akkurat det beste symjeutstyret eg hadde.

– Måtte opp på vegen

Nedkjølt av iskald vatn svikta beina der i fjæresteinane.

Sverre Olav Torheim fann bitar etter ulukka i fjor.

DELAR: Sverre Olav Torheim finn delar frå bilen i fjæresteinane etter den dramatiske ulukka.

Foto: Øystein Torheim

– Eg tenkte at eg måtte opp kome meg opp på vegen. Men frosten gjorde at ikkje greidde å løfte føtene. Det var fire minusgrader. Eg skjønte jo at om eg blei verande der, så hadde det blitt store problem, fortel Torheim forsiktig med skjelving i røysta.

Brått såg han ein bil kome langs vegen.

– Eg fylte lungene og ropte det eg klarte, men eg hadde inst inne lite håp om at dei skulle høyre meg. Bilen forsvann jo også, men så kom han igjen.

Bilen var borte

Den som kom køyrande var naboen Jarle Torheim som også var på veg heim frå Nordfjordeid.

(Artikkelen held fram under videoen)

Jarle Torheim fortel om dramatikken for 21. desember 2012.

SJÅ VIDEO: Jarle Torheim kom som førstemann til ulukkesstaden, men er glad for at kom fleire til. FOTO: Øystein Torheim.

– Eg såg ein bil kring ein kilometer føre meg. Brått var der ingen bil lenger, men eg tenkte ikkje så mykje over det akkurat då. Då eg kom inn i stranda her, så såg eg tilfeldigvis eit hjul som låg på ei avkøyrsle ved vegen. Sjølv då reagerte eg ikkje så forferdeleg, seier han og fortel han med det første tenkte det var nokon som hadde kasta frå seg søppel og rusk.

Høyrde rop om hjelp

– Difor stoppa eg ikkje med ein gong, men brått støkk det i meg at her måtte det vere noko gale. Så eg snudde tilbake. Med det same eg steig ut av bilen for å sjå om det hadde skjedd noko, kom det ein annan bil køyrande frå Torheim, held Jarle fram.

– Vi to starta å sjå oss rundt og ropte fyrst ein gong utan å få svar. Då vi ropte for andre gong, så fekk vi svar, eit rop om hjelp, seier han.

Glad dei var to

Medan naboen tok seg ned til Sverre Olav Torheim, vart Jarle Torheim ståande att i vegbana, og ringde AMK på naudtelefonen 113. I tillegg ringde dei ut til bygda og fekk tak i varme klede. I dag prisar han seg lukkeleg over at han reagerte på det han såg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sverre Olav og Jarle Torheim

TAKKAR: Sverre Olav Torheim (t.v.) takkar Jarle Torheim for livet.

Foto: Øystein Torheim

Han er også glad for at dei var to som kom til ulukka. Då kunne den eine vere saman med Sverre Olav i fjæra, medan den andre kunne ha hendene fri til å ringe. Men fyrst og fremst er han glad for at han stogga.

– Du reagerer jo kanskje ikkje med det same, men så tenkjer du søren også, bilen framføre meg er jo vekke. Då skjønte eg at noko hadde skjedd. Eg er glad for at det gjekk som det gjorde, at Sverre Olav berga livet, seier Jarle Torheim.

– Ei glanshistorie

Ved AMK-sentralen i Førde veit dei kor viktig det er at folk er årvakne langs vegane. Når noko skjer er det vanlege folk som er fyrst til staden. Kvar og ein bør tenke gjennom at ein kan kome ut for ein naudsituasjon, og tenkt gjennom korleis ein skal handle.

Ambulansearbeidar Reidar Kirketeig.

HAR ANSVAR: Ambulansearbeidar Reidar Kirketeig minner om at bilistar har plikt etter lova til å hjelpe til ved trafikkulukker.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Ambulansemedarbeidar Reidar Kirketeig minner om at trafikantane har eit ansvar etter lova for å hjelpe.

– Ein har eit stort ansvar som trafikant. Både for dei som ein har med seg i bilen, men også i trafikken elles. Ein er jo pålagd i lova å hjelpe andre trafikantar.

– Ring så fort som råd 113. Då får ein også den hjelpa ein treng for å greie å gjere det ein kan. Det aller viktigaste er å ringe.

– Kva tenkjer du om innsatsen til dei to naboane?

– Dette høyrest ut som ei glanshistorie når det til slutt gjekk bra. Det er fantastisk, også for dei to som har fått den gleda det er å kunne redde eit liv.

Takkar naboane for livet

Då Sverre Olav Torheim kom fram til Førde sentralsjukehus med luftambulansen hadde han ein kroppstemperatur på 32 grader. Opphaldet på sjukehus vart på fleire veker.

Sidan ulukka har han hatt problem med ryggen, men 69-åringen veit at det kunne gått veldig mykje verre. Han ynskjer å takke dei to årvakne naboane som berga han.

– Dei burde i grunnen få medalje. Ein kan jo berre tenkje seg kor det kunne blitt. Eg hadde ikkje stått her i dag om det ikkje hadde vore for dei, seier Torheim.