Hopp til innhold

Svein Bakke er død

Tidlegare spelar og sportsleg leiar i Sogndal Fotball, Svein Bakke, er død, 62 år gamal.

Svein Bakke

LEGENDE: Svein Bakke var ei legende i Sogndal, og markerte seg både som spelar og leiar i klubben.

Foto: NRK

Det stadfestar Rolf Navarsete, også han tidlegare spelar og leiar i Sogndal, til BT.no.

Svein Bakke spelte for Sogndal i perioden 1971 til 1990, og var mellom anna sentral då Sogndal kom til cupfinalen mot Brann i 1976. I løpet av sine 19 år som spelar noterte han seg med 321 mål på 514 kampar.

Bakke spelte også på landslaget, og sat som sportsleg leiar og sportsdirektør i Sogndal til 2005. Bakke er far til tidlegare Sogndal-spelar og no trenar, Eirik Bakke.

Svein Bakke, Sogndal, i kamp om ballen med Egil Austbø, Brann under cupfinalen i 1976.

CUPHELT: Her er Svein Bakke i kamp om ballen med Egil Austbø frå Brann under cupfinalen i 1976.

Foto: Owesen, Paul / SCANPIX

Då vi for fire år sidan bad lesarane våre kåre tidenes Sogndal-lag, var Bakke eit soleklart val på topp, saman med Tore Andre Flo.

Ifølgje BT skal Bakke ha døydd brått og uventa onsdag.

BT sin mangeårige fotballkommentator Tore Strand seier til avisa at Svein Bakke var med å gjere Sogndal til ein moderne toppklubb då han sat som leiar.

På sosiale media er det mange som uttrykkjer sorg over at ein av dei verkeleg store i fotballnorge har gått bort.

– Ein stor spelar på bana. Ein legende, mentor og ven utafor bana. No er han ikkje lenger mellom oss. Ubegripeleg og trist. Minnene er mange. Saknet vil alltid vere der, skriv fotballpresident Yngve Hallèn på Facebook.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold