Søppel i Hesjedalen. Arkivfoto©NRK
- Sunnfjord Miljøverk har ikkje planar om dei brune dunkane. Det seier dagleg leiar Håkon Grepstad.
Sogningane sorterer
Og dermed blir det berre sunnfjordingane som ikkje får brun bossdunk til å kaste matavfallet i. Sogningane sorterer allereie matavfallet i brune dunkar, og i dag skriv Firda at nordfjordingane mest truleg får sin tredje søppeldunk neste haust.
Gratis jord
Matavfall frå Nordfjord og Sogn hamnar på komposteringsanlegget i Festingedalen i Sogndal. Det kjem abonnentane til gode i form av jord som har blitt delt ut gratis på miljøstasjonane. Men Sunnfjord Miljøverk ventar på endå betre avsetnad på den ferdige komposten.
- Det må vere eit produkt som verkeleg kjem til nytte, det er eit absolutt krav. I tillegg må kostnadene vere akseptable, seier Grepstad.
Stor utgift
Ein tredje bøssdunk til abonnentane i Sunnfjord medføre ei stor utgift for Sunnfjord Miljøverk. 10 000 dunkar vil koste 1,5 millionar. I tillegg kostar papirposar, distribusjon og transport.
- Det vil nok føre med seg auka renovasjonsgebyr. Per i dag har vi føreslått at gebyra ikkje vert auka, seier han.
Kan snu seg rundt
Sunnfjord Miljøverk leverer no matavfall og anna avfall til eit anlegg i Sverige. Denne avtalen er teikna til og med 2007, men Grepstad seier dei heile tida vurderer andre løysingar.
- Vi har rett på oppseiing med seks månaders varsel, så vi kan snu oss rundt om det dukkar opp noko nytt, seier han.