Totalt var 11.000 innom dørene dei fire dagane festivalen varte. Dagleg leiar Ingemar Sårheim er svært nøgd.
- Totalt er det ein suksess når det gjeld publikumsbesøk og det økonomiske resultatet. Det er rekord på torsdag, fredag og laurdag, seier han.
Vassendgutane og Bobby Bare
Bortsett frå fjoråret då dårleg ver øydela for festivalen, har det dei siste åra vore ei jamn auka i besøkande. Og med Vassendgutane og Bobby Bare som dei to store trekkplastera i år vart det altså sett ny rekord. Sårheim seier countrytreffet er klar til å vekse vidare.
- Arrangementet har mykje appell både mellom dei unge og dei eldre, seier han.
Nøgde i Florø og Bremanger
Det var også to andre festivalar i helga. På Rockweekend i Bremanger var det rundt 1500 besøkande og arrangør June Førde er godt nøgd med publikumstalet.
Det er dei også i Florø der nærmare 2500 personar var innom dørene på konserten med DumDum boys.
På Breim fekk dei inn over 2,6 millionar kroner i bilettinntekter.
- Vi har 1500 frivillige som er med på dette. Dei frivillige organisasjonane som har vore med å arrangert festivalen vil truleg sitte igjen viktige inntekter, seier Sårheim.