Ei rekkje aktivitetar ventar deltakarane utover dagen, seier leiar Arnsten Vestre i Natur og Ungdom.
– No skal folk på fjelltur, andre skal ut og padle kajakk og verkeleg oppleve det Sunnfjord har å by på. Eg trur det er veldig mange som gler seg til det.
- Les også:
- Les også:
- Les også:
Men det er kampen mot gruveplanane og særleg fjorddeponiet som er hovudfokus for deltakarane på sommarleiren. Vestre seier det er naturleg å mobilisere så sterkt som dei gjer.
– Det ville ha vore ein tragedie for Førdefjorden dersom dette prosjektet gjekk gjennom: Norge er eitt av fem land som let gruveindustrien dumpe avfallet sitt på havet. Det er grunnen til at vi er samla her ved Førdefjorden for å protestere og demonstrere.
Og Vestre sender ei klar melding til Nordic Mining:
– Dette er ikkje det siste dei har sett av oss ved Førdefjorden.
Søndag skal deltakarane øve på sivil ulydnad.
– Dette er ein slags prøvesmak. Det er 1700 som står på aksjonslista for sivil ulydnad-aksjonar dersom dette prosjektet går gjennom. Vi skal øve oss på å bli borne vekk på toppen av Engebøfjellet for å vise kor langt vi er viljuge til å gå for å stanse dette prosjektet.
– Og vi har ikkje gitt opp enno, vi har mange lovlege middel som vi har tenkt å bruke for å stanse prosjektet, seier Vestre.
Laurdag blir det folkefest, der alle som vil er velkomne, seier Vestre.
– Det blir konsertar og debatt, det blir kulturinnslag, Fridtjov Urdal kjem for å lese dikt. Og så kjem det partileiarar frå fleire parti for å vise sin motstand. Dagen blir avslutta med ei markering oppe på Engebøfjellet.
Ein del av deltakarane er fredag på tur til Håsteinen.
– Eg trur dei kjem attende med ei endå større overtyding om at dette er noko som det er verd å ta vare på.
– Blir det ei rein einvegskøyring på at dette er gale, eller ser de på fordelene med gruvedrift?
– På folkefesten i morgon er alle velkomne, uavhengig av om dei er motstandarar eller forkjemparar. I debatten vil vi ha synspunkt frå alle sider, og det er viktig.