Hopp til innhold

Styret lar øksa falle - Helse Førde kuttar i psykiatri og legg ned Aktiv på dagtid

FØRDE (NRK.no): Styret i Helse Førde banka i dag gjennom administrasjonen sitt forslag til budsjett. Dei planlagde kutta i psykiatri og Aktiv på dagtid blir dermed gjennomførte.

Styremøte Helse Førde

KUTTAR: Styret i Helse Førde banka gjennom kuttlista frå administrasjonen. Det betyr omstillingar i psykiatrien og nedlegging av Aktiv på dagtid.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Dei varsla kutta har vekt stor merksemd fram mot torsdagens styremøte i Helse Førde. Helseføretaket er pålagd å gå med fem millionar kroner i overskot i 2015 for å kunne gjere nye investeringar.

På kuttlista stod mellom anna psykisk helsevern, der det var varsla innsparing på nesten seks millionar kroner i den psykiatriske avdelinga.

Styreleiar avviser at det er snakk om nedbygging

No er det klart at styret i helseføretaket vil gjennomføre kuttforslaga, noko som betyr at ni stillingar kan komme til å forsvinne eller bli ståande vakante. Berre for poliklinikken til barn og unge kan det bety det nær tre stillingar mindre.

– Vi har merka oss uroa som har vore skapt rundt dette. Men når det frå einskilde blir sagt at vi ikkje må byggje ned meir innanfor desse tenestene, må ein vere klar over at vi har hatt ei formidabel oppbygging av desse tenestene i Helse Førde dei siste ti åra, seier styreleiar Jorunn Ringstad til NRK.no.

Ho forklarer vidare:

– Det som skjer no, kan ikkje kallast ei nedskjering - men ei endring av ein del av innhaldet. Vi har styrka veldig mykje på kompetansesida, som fører til at andre stillingar ein har hatt i ein oppbyggingsfase no blir omgjort til meir fagleg kompetente stillingar. Så det er ei omstilling som skjer, og ikkje ei nedbygging.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jon Bolstad og Jorunn Ringstad på styremøte i Helse Førde

INNSPARINGAR: Administrasjonen ved Jon Bolstad ønskjer å spare pengar, og fekk forslaget til budsjett banka gjennom av styret og Jorunn Ringstad.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Forventar at kommunane tek ansvar

Nyleg vart det klart at alle ordførarane i Sogn og Fjordane stilte seg bak oppropet om å stoppe dei planlagde nedskjeringane i psykiatritilbodet til barn og unge.

Styreleiaren meiner kommunane skal ha like mykje besøk frå BUP som tidlegare, men at noko av møteverksemda like godt kan gjerast med bruk av videokonferansar.

– Eg vil også peike på at det har lege ein opptrappingsplan på psykiatrien. Vi må forvente at også kommunane tek den planen på alvor, slik at vi får eit reelt samarbeid.

– Det kan ikkje vere Helse Førde som har hovudansvaret for det som skjer også ute i kommunane. Vi skal vere ein samarbeidspartner, ein støttespelar, og det er det godt rom for i det budsjettet vi har vedteke no, seier Ringstad.

Ingen tok til orde for Aktiv på dagtid

Styret banka også gjennom forslaget om å leggje ned det populære tiltaket Aktiv på dagtid. Tilbodet har den siste tida hatt 112 brukarar med bakgrunn i rusproblem, psykiske utfordringar og ulike fysiske plager.

På styremøtet var det ingen som talte for at dette var noko Helse Førde skulle drive med.

– Aktiv på dagtid er eit tiltak i grenseland for kva som er spesialisthelseteneste. Mange stader er det kommunane som faktisk driv det sjølv, medan Helse Førde er inne i biletet i einskilde område. Det omfattar mange typer pasientar som er ferdigbehandla i spesialisthelsetenesta, men så har vi likevel delteke i tilodet til dei etter at dei er tilbake i kommunane, forklarer Ringstad.

– Kor raskt vil det bli avvikla?

– Eg reknar med at vi er ein aktiv deltakar i å drive det vidare i første halvår av 2015. Så vil vi vere ute av biletet som den aktive drivaren av tilbodet.

Førde sentralsjukehus 14
Foto: Arne Stubhaug / NRK