Hopp til innhold

Studentar kjempar for kjøtfri måndag

SOGNDAL (NRK): I dag møttest forkjemparane for kjøtfri måndag på høgskulemenyen motparten for første gong.

I Sogndal kjempar ei gruppering studentar for å få ein dag i veka utan kjøt på menyen. Det har skapt reaksjonar og stort engasjement. I dag skulle forkjemparane for kjøtfri dag møta motparten for fyrste gong.

NY IDÈ MØTER MOTSTAND: Det finst allereie vegetarmat på menyen i høgskulekantina i Sogndal. Men no ønskjer nokre studentar at ein dag i veka skal bli heilt kjøtfri. VIDEO: STINE KYRKJEBØ JOHANSEN/NRK

I Sogndal kjempar ei gruppe studentar for å få ein dag i veka utan kjøt på menyen. Det har skapt reaksjonar og stort engasjement.

Student Thea Schøndorf meiner omtanke for miljøet er det viktigaste argumentet for å innføre ein slik dag i høgskulekantinga.

Student Thea Schøndorf

ENGASJERT: Miljøet er hovudgrunnen til at student Thea Schøndorf ønskjer å redusere kjøtforbruket i høgskulekantinga.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Vi bør kutte ned på kjøtforbruket for å ikkje ha så utruleg høg produksjon. Sjølv om vi ofte har kortreist mat, importerer vi ofte fôr til dyra frå andre stader i verda. På den måten har vi òg her i vesle Sogndal ei negativ påverking på miljøet i resten av verda, seier ho.

Men ikkje alle er einige.

– Det er mange gode argument for, men det finst òg mange argument som strid i mot. Det er forsking som strid i mot at vi et meir kjøt, det er forsking som strid i mot at det er skadeleg for helsa og i alle fall dyra i Noreg blir behandla godt, seier student Anders Føllesdal.

Student Anders Føllesdal

SKEPTISK: Student Anders Føllesdal er ikkje like entusiastisk til forslaget.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Saman med sambuaren har Schøndorf starta ein kampanje på Facebook for å overtyde andre om at kjøtfrie måndagar er vegen å gå. Ho seier ho har fått støtte både frå privatpersonar og frå Natur og Ungdom. Men ho får ein jobb med å overtyde studentsamskipnaden.

– SISOF skal ikkje ta stilling til politiske spørsmål, vi skal vere for alle studentane. Viss nokon vil ha kjøt kvar dag, så skal dei få det. Vi har òg vegetartilbod og alle studentar som ønskjer kjøtfrie middagar kan få det kvar dag. Men vi vil vurdere om vi skal ha meir vegetarmat på menyen, seier administrerande direktør Randi Marie Sjøholt.